71 millionar til ferie- og fritidsaktivitetar for barn og unge

Barne- og familiedepartementet deler no ut 71 millionar kroner til frivillige organisasjonar og kommunar som organiserer ferie- og fritidsaktivitetar og opne møteplassar for barn og unge.

– Det har vore viktig for meg som barneminister å få dette på plass, sånn at fleire barn kan få ein god sommar med noko å sjå fram til. Alle barn og unge skal ha moglegheit til å få gode sommarminne, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Løyvingane er ein del av tiltakspakkane som regjeringa fremma i revidert nasjonalbudsjett (RNB) for 2021. 45 millionar kroner går til å styrkje Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge og 10 millionar kroner til å styrkje tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, som går til trygge og sosiale møteplassar for ungdom.

Bufdir deler samstundes ut om lag 16 millionar i ordinære løyvingar til barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn.

Tiltakspakkane skal bidra til å styrkje satsinga overfor sårbare grupper for å redusere negative konsekvensar av koronapandemien.

Skal bidra til å motverke utanforskap

Samla har regjeringa auka løyvingane til ferie- og fritidsaktivitetar med over 100 millionar kroner i 2021. Barne- og familieministeren meiner det har vore særleg viktig å styrkje desse tiltaka no.

– Pandemien og smitteverntiltaka har hatt store negative konsekvensar for barn og unge, og særleg for dei barna som allereie var sårbare. Tiltak som bidreg til å inkludere barn og unge, er viktige for å førebyggje einsemd og utanforskap, både før, under og i etterkant av pandemien, seier Ropstad.

Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge skal bidra til å gje barn og unge høve til å vere med på ferie- og fritidsaktivitetar uavhengig av inntekta til foreldra. I 2021 er ordninga allereie styrkt med om lag 46,5 millionar kroner til totalt 370 millionar kroner, nærare ei firedobling sidan 2014. I tillegg blei det tidlegare i år løyvd 20 millionar kroner til utstyrssentralar over heile landet slik at fleire barn og unge kunne låne utstyr til fritidsaktivitetar. 

Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn skal gje tilskot til å etablere og vidareutvikle opne møteplassar som fritidsklubbar og ungdomshus. Dei opne møteplassane skal vere inkluderande, leggje til rette for deltaking for barn og ungdom som ikkje nyttar seg av andre fritidsaktivitetar, og koste lite eller vere gratis for deltakarane. I 2021 er ordninga på om lag 55 millionar kroner. Av desse går om lag 26 millionar kroner til nye tiltak, medan resten av midlane går til tiltak som fekk innvilga stønad i 2019 og 2020.

Her er nokre av tiltaka som får tilskot i denne runden:

  • Røde Kors – tiltaka Ferie for alle og Aktiviteter for #barn og unge (kr 9.073.000)
  • Redd Barna – tiltaka Rett på lek og fritid og Fritid for alle etter koronaen (kr 6.500.000)
  • Blå Kors – Blå Kors Ferier (kr 2.500.000)
  • Den Norske Turistforening (DNT) – Naturopplevingar for livet (kr 1.000.000)
  • IOGT i Noreg – Enestående familier (kr 2.198.085 )
  • Moss kommune – Ungdommenes kulturkafé (kr 650.000)
  • Stiftinga Kirkens Bymisjon i Kristiansand – UngAktiv (kr 510.000)

Du finn heile oversikta på nettsidene til Bufdir: 

Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge – Tildelingar 2021

Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn – Tildelingar 2021