97 millionar kroner til 12 prosjekt som skal gje betre praksis for studentar på helse- og sosialfag

Regjeringa vil at fleire studentar skal ha praksis i kommunenehelsetenesta. No gir dei åtte universitet og høgskular pengar til å utvikle nye praksisplassar i samarbeid med landets kommunar.

– Mange av dagens studentar i helse- og sosialfagutdanningane skal ut og jobbe i kommunane når dei er ferdige, men i dag er mangel på praksisplassar ei hindring. Difor bruker vi no nesten 100 millionar kroner på nyskapande prosjekt som skal gje studentane god og relevant praksis i kommunane. Dette er vi avhengige av for at helse- og sosialtenestene i heile Noreg skal kunne rekruttere kvalifisert personell, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

I 2035 vil Noreg trenge 28 000 fleire sjukepleiarar. I tillegg er behovet for anna helse- og omsorgspersonell stort. Særleg distriktskommunane treng meir personell. Samstundes har helsereformene dei siste åra flytta meir av helsetenestene ut i kommunane, for å vere nær der folk bur. Det betyr at praksisplassane og rettleiarkompetansen må følgje etter. Prosjekta som no blir finansierte bidreg  til meir og betre praksis i kommunane.

Meir samarbeid med kommunane

No får 12 ulike fagmiljø innan sjukepleie- og helse- og sosialfagutdanningar til saman 97 millionar kroner til å utvikle nye praksisordningar i samarbeid med landets kommunar.

Kor mykje studentane lærer blir sterkt påverka av kvaliteten på rettleiinga de får undervegs i praksisstudia. Det krev eit godt samspel mellom utdanningsinstitusjonane og kommunane. Eit meir effektivt og forpliktande samarbeid om praksisstudium er naudsynt for å sikre betre sluttkompetanse for kandidatane, i tråd med behova til kommunane.

Det har kome inn mange gode søknadar

Det er Diku (Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning) som deler ut pengane. Dei fekk inn til saman 23 søknadar frå 13 ulike utdanningsinstitusjonar. 12 av desse vart innvilga.

– Det er stor geografisk spreiing i prosjekta som får stønad. Kommunar i alle landets fylke er involverte.  På denne måten får studentane praksisplassar av høg kvalitet, samstundes som det sikrar større rekruttering av kvalifisert helsepersonell til distriktskommunar, seier Diku-direktør Harald Nybølet.

Desse prosjekta får stønad:

Institusjon

Prosjekt

Tildeling, kr

Høgskolen i Innlandet

GIVE – Gjensidig Involvering og Villet Endring: Et samarbeid om praksis og praksisveiledning mellom utdanningsinstitusjon og kommuner

10 000 000

Høgskolen i Innlandet

Sammen og praksis – sammen om læring. 2-1-2-modellen

5 358 119

Nord Universitet

Sykepleier i Nord ‐ Nye samhandlingsmodeller for praksisstudier (NySaP)

6 942 363

NTNU

Fra student til kompetent yrkesutøver i kommunal helsetjeneste

10 000 000

NTNU

Å lære der og bli der ‐praksisstudier i kommunehelsetjenesten

6 500 000

OsloMet

Bærekraftig kommunepraksis for fremtidens fysioterapeuter

5 171 879

Universitetet i Agder

RødTråd– nye praksismodeller for barnevernstudenter

9 994 183

Universitetet i Agder

Læringsmiljø og veiledning i kommunal praksis: Ny modell for styrket samarbeid mellom sykepleierstudenter, praksisveiledere og praksislærere

6 502 209

Universitetet i Bergen

Flere praksisplasser og bedre veiledning for medisinstudenter på fastlegekontorene (FRONESIS)

10 000 000

UiT – Norges arktiske universitet

Arktisk Samprax: Praxis ved UiT Norges arktiske universitet – sykepleierutdanningen utforsker nye samarbeidsformer.

10 000 000

VID vitenskapelige høgskole

Kickstart på sykehjem

9 998 292

VID vitenskapelige høgskole

Veiledningsteam for samarbeid i kommunal praksis

6 537 922

Sum

 

97 004 967