698 millionar kroner meir i frie inntekter til Østfold neste år

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Østfold og Østfold fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2015 til 2016. Veksten er rekna frå overslag på rekneskapen for 2015.

Kommune Overslag 
på frie inntekter 2016 
(1 000 kr)
Vekst frå overslag på rekneskap 2015-2016 Vedlike- haldspakke 
(1 000 kr)
   Nominelle
kroner
(1000 kr)
Prosent  
  1 2 3 4
          
0101 Halden 1 509 435 64 757 4,5 2 926
0104 Moss 1 531 443 82 060 5,7 3 083
0105 Sarpsborg 2 708 230 106 901 4,1 5 247
0106 Fredrikstad 3 779 791 156 807 4,3 7 574
0111 Hvaler 222 421 9 317 4,4 432
0118 Aremark 91 451 2 470 2,8 135
0119 Marker 197 117 7 596 4,0 348
0121 Rømskog 52 591 1 297 2,5 65
0122 Trøgstad 281 494 9 292 3,4 514
0123 Spydeberg 287 087 9 792 3,5 551
0124 Askim 766 055 42 751 5,9 1 503
0125 Eidsberg 582 498 24 721 4,4 1 099
0127 Skiptvet 198 812 11 218 6,0 359
0128 Rakkestad 439 998 19 459 4,6 773
0135 Råde 359 971 18 319 5,4 703
0136 Rygge 734 374 28 444 4,0 1 476
0137 Våler 254 489 10 737 4,4 496
0138 Hobøl 263 630 16 158 6,5 515
Fordelast gjennom året 6 700      
Østfold 14 267 584 622 797 4,6 27 799
         
Østfold fylkeskommune 2 942 628 74 740 2,6 -

Veksten i kostnadane i kommunesektoren (deflator) i 2016 er anslått til 2,7 prosent. All vekst over 2,7 posent er dermed ein realvekst.

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2016, målt i 1000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå overslag på rekneskap for 2015 til nasjonalbudsjettet 2016 målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.

Fjerde kolonne:
Som ein del av den særskilte tiltakspakka for auka sysselsetting føreslår regjeringa eit eingongstilskot til kommunane på 500 millionar kroner til vedlikehald og rehabilitering av skular og omsorgsbygg. Midlane kjem i tillegg til veksten i kommunane sine inntekter og er fordelt etter innbyggjartal per 1. juli 2015. Kolonne 4 viser den einskilde kommune sin del av tilskotet.