Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

898 millionar kroner meir i frie inntekter til Trøndelag neste år

Regjeringa legg opp til ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter på om lag 2,6 milliardar kroner i 2019. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Trøndelag og Trøndelag fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2018 til 2019. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2018. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2018 på 2,4 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2019. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2018 til 2019 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2019 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

Kommune Anslag 
på frie inntekter 2019 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2018-2019
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
5001 Trondheim 9 861 017 299 714 3,1
5004 Steinkjer 1 231 526 39 228 3,3
5005 Namsos 762 981 18 964 2,5
5011 Hemne 248 373 5 237 2,2
5012 Snillfjord 79 456 3 199 4,2
5013 Hitra 272 408 5 259 2,0
5014 Frøya 349 140 6 067 1,8
5015 Ørland 303 587 7 804 2,6
5016 Agdenes 131 045 4 913 3,9
5017 Bjugn 293 075 12 071 4,3
5018 Åfjord 213 377 9 936 4,9
5019 Roan 75 722 1 029 1,4
5020 Osen 80 699 1 019 1,3
5021 Oppdal 391 188 7 872 2,1
5022 Rennebu 164 649 3 496 2,2
5023 Meldal 239 564 6 702 2,9
5024 Orkdal 660 678 18 200 2,8
5025 Røros 322 917 6 919 2,2
5026 Holtålen 131 989 3 981 3,1
5027 Midtre Gauldal 363 781 5 587 1,6
5028 Melhus 899 153 30 952 3,6
5029 Skaun 456 090 17 056 3,9
5030 Klæbu 335 679 11 361 3,5
5031 Malvik 738 400 25 462 3,6
5032 Selbu 152 751 912 0,6
5033 Tydal 65 342 2 448 3,9
5034 Meråker 163 052 2 432 1,5
5035 Stjørdal 970 885 43 159 4,7
5036 Frosta 164 994 2 507 1,5
5037 Levanger 1 091 674 36 416 3,5
5038 Verdal 824 571 26 141 3,3
5039 Verran 162 424 4 556 2,9
5040 Namdalseid 125 090 3 382 2,8
5041 Snåsa 143 695 3 262 2,3
5042 Lierne 116 014 1 088 0,9
5043 Røyrvik 51 965 2 869 5,8
5044 Namsskogan 83 124 3 244 4,1
5045 Grong 165 461 3 762 2,3
5046 Høylandet 108 446 2 610 2,5
5047 Overhalla 241 660 4 341 1,8
5048 Fosnes 56 994 63 0,1
5049 Flatanger 82 283 1 780 2,2
5050 Vikna 285 673 7 472 2,7
5051 Nærøy 322 494 8 576 2,7
5052 Leka 54 318 -25 0,0
5053 Inderøy 414 176 16 863 4,2
5054 Indre Fosen 623 050 9 943 1,6
5061 Rindal 134 488 2 293 1,7
Fordelast gjennom året 92 950    
Trøndelag 25 304 066 753 371 3,1
       
Trøndelag fylkeskommune 6 271 139 144 390 2,4

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2019, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2018 til nasjonalbudsjettet 2019, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.

Til toppen