Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Svar på skriftleg spørsmål om løyver til å produsere fleire egg

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Helge André Njåstad (FrP) om korleis kan ein gård som Bakketun gård gå fram for å få naudsynte løyver til å produsere fleire egg.

Svar på spørsmål nr. 2034 til skriftleg besvaring frå stortings­rep­resentant Helge André Njåstad

Representanten Helge André Njåstad har stilt følgjande spørsmål til skriftleg svar:

"Korleis kan ein gård som Bakketun gård gå fram for å få naudsynte løyver til å produsere fleire egg?"

Det vert i spørsmålet opplyst om at det på Bakketun gard i Bergen kommune vert produsert 7 000 egg per dag, som om lag er grensa for konsesjonsfri drift etter husdyrkon­se­sjons­regelverket med eit produksjonsomfang på 7 500 høner.

Eg vil presisere at eg ikkje kan gå inn i nokon handsaming av denne einskilde saken. Men eg vil i det følgjande gi generell informasjon om husdyrkonsesjonsregelverket.

Formålet med dette regelverket er å oppretthalde ein differensiert bruksstruktur gjennom å fordele dei kraftfôrbaserte husdyrproduksjonane med basis i familiejordbruket.

Husdyrkonsesjonsreglane set grenser for driftsomfanget i svine- og fjørfeproduksjon per jordbruksføretak. Reguleringa gjeld berre primærproduksjon, og i vurder­inga av kor stor husdyrproduksjonen kan vere per føretak, skal det ikkje leggjes vekt på moment som kor stor etterspurnad det er etter jordbruksråvarer og foredla produkt.

Etter lov og forskrift om regulering av svine- og fjørfeproduksjon gir regionalpolitiske tilhøve ikkje grunnlag for å innvilge konsesjon.

Landbruket sine ressursar er utgangspunkt for eit mangfald av produkt og tenester. Regjeringa arbeider for at det samla ressursgrunnlaget til landbrukseigendommen skal utnyttast betre, og har difor over jordbruksavtalen sett av vesentleg med midlar til produksjon og sal av lokale matprodukt. Dette har medverka til auka profesjonalisering og stor vekst innan lokalmatområdet.

Med helsing

Olaug Vervik Bollestad

 

Til toppen