Eit nytt lovutval skal gå gjennom lovverket for statsallmenningane

Kongen i statsråd har i dag oppnemnt høgsterettsdommar Karl Arne Utgård som leiar for eit lovutval som skal gå gjennom lovverket for statsallmenningane. Det er i tillegg oppnemnt ein uavhengig jurist og 10 medlemmar som skal representere dei ulike interessene i statsallmenningane. Utvalet vil starte sitt arbeid i løpet av kort tid, og skal levere ei innstilling som NOU første halvår 2018.

Regjeringa vedtok i 2015 at  det skulle etablerast eit lovutval for å gå gjennom fjellova og statsallmenningsloven. Arbeidet med å etablere utvalget er gjennomført i samarbeid mellom Landbruks- og matdepartementet, Klima- og miljødepartementet og Kommunal og moderniseringsdepartementet. Gjennomgangen omfattar lov 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova) og lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift m.v. i statsallmenningene.

– Eg er svært nøgd med det utvalet som er oppnemnt, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.  Utvalet har god juridisk kompetanse og er representativt for det mangfald av rettar og interesser som er til stades i statsallmenningane. Det har vore viktig for regjeringa at representantar for alle dei ulike interessene kjem til orde i arbeidet, seier Dale

Utvalet skal vurdere korleis ein kan få eit meir moderne lovverk, og ei enklare forvalting av statsallmenningane.

Utgreiinga  skal ta utgangspunkt i dei grunnleggjande rettslige forholda som gjer seg gjeldande i statsallmenningane, der staten er grunneigar, og der retten til allmenningsbruk knytt til jordbruket ligg til bygder som fra gamal tid har slik rett. Utgreiinga  skal også ivareta grunnlaget for samisk kultur, samiske rettar og interesser, under dette reindrifta, i statsallmenningane. Krava i folkeretten til at urfolk skal ha moglegheit til å delta i forvaltinga av naturressursar skal liggje til grunn for arbeidet til utvalet.

Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet stiller til rådigheit eit sekretariat for utvalet.

Spørsmål retta til utvalet kan sendast til: statsallmenning@lmd.dep.no