Historisk arkiv

Ekteskapslova - nye endringar frå 1. oktober 2004

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Frå 1. oktober 2004 skal folkeregistra stå for prøvinga av vilkåra for å inngå ekteskap og partnarskap. Det blir også folkeregistra som skriv ut vigselattest for ekteskap som er prøvd etter dei nye reglane (27.09.04).

Pressemelding

Nr.: 04064
Dato: 27.09.04

Ekteskapslova – endringar frå 1. oktober 2004

Folkeregistra skal stå for prøvinga (kontrollen) av vilkåra for å inngå ekteskap og partnarskap. Vigslaren / notarius publicus skal heretter berre stå for sjølve inngåinga av ekteskapet eller det registrerte partnarskapet. Dei som skal gifte seg eller inngå partnarskap, må sende inn dei nødvendige papira til folkeregisteret der ein av partane er registrert som busett (ev. opphalds- eller utflyttingskommune). Folkeregisteret skriv og ut vigselattest for ekteskap som er prøvd etter dei nye reglane. Dette inneber m.a. at ein ved namneendring i samband med vigselen kan få det nye namnet påført vigselattesten.

- Formålet med endringa er å få til ei grundigare og meir einsarta handheving av krava i lova, seier barne- og familieminister Laila Dåvøy. - Ei obligatorisk borgarleg prøving vil vere effektivt for å forhindre brot på lova. Det kan til dømes føre til færre tilfelle av bigami, færre ekteskap i strid med lågalderen og færre tilfelle der ein utanlandsk statsborger ikkje har lovleg opphald i landet. Det er også lagt til grunn at endringa skal kunne føre til færre tvangsekteskap.

Eit ekteskap eller partnarskap er ikkje gyldig dersom det ikkje ligg føre prøvingsattest frå folkeregisteret. Ei prøving som er gjennomført før 1. oktober i år vil likevel i ein overgangsperiode vere gyldig for ekteskap som blir inngått etter denne datoen.

Fylkesmannen er framleis klageinstans, dersom søknad om vigsel eller registrering av partnarskap blir avslått.

Dei nødvendige skjema som skal fyllast ut før eit ekteskap eller partnarskap kan inngåast, kan ein få hos både vigslar og folkeregisteret. Meir informasjon og skjema finst òg på BFDs Odinsider

Til toppen