Historisk arkiv

Feirar Abelprisvinnar Sir Andrew J. Wiles

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

H.K.H Kronprins Haakon gav i dag Abelprisen til Sir Andrew J. Wiles frå Universitetet i Oxford. Wiles fekk prisen på 6 millionar kroner for sitt oppsiktsvekkjande bevis på Fermats siste teorem.

− Eg vil gratulere Sir Wiles med ein velfortent Abelpris, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. − Wiles har vist ein enorm dedikasjon til faget, og ikkje minst problemet han bestemte seg for å løyse alt tidleg i livet. Det er veldig inspirerande at han sette seg eit ambisiøst mål og nådde det målet, seier kunnskapsministeren.

Matematikaren Wiles skapte overskrifter over heile verda då han beviste det som fram til då var det mest berømte uløyste problemet i historia til faget. Allereie som tiåring blei Wiles fengsla av problemet då han fann ei bok om Fermats siste teorem i det lokale biblioteket.

− Frå den augneblinken visste eg at eg aldri ville gje slepp på det. Eg måtte berre løyse det, seier Wiles, som lukkast i 1994, over 30 år seinare. Då hadde problemet vore uløyst i 300 år.

Sir Andrew Wiles frå Universitetet i Oxford og  H.K.H. Kronprins Haakon. 

Les meir om Abelprisen.