Historisk arkiv

Firda vgs vinn Dronning Sonjas skulepris

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Ein samrøystes jury har kåra Firda vidaregåande skule i Sogn og Fjordane som vinnar av Dronnings Sonjas skulepris for likeverd og inkludering 2017

-Gratulerar til Firda vidaregåande skule! Dette er ein pris som går til dykk tilsette og elevar på skulen. Årets prisvinnar er ein verdig vinnar av Dronning Sonjas skulepris for likeverd og inkludering, seier kunnskapsminister Henrik Asheim.

I år var 15 skular nominerte til prisen. Juryen vektlegg at Firda vgs er ”meir enn ein skule” og ser elevane sin kvardag i ein større samanheng. Over halvparten av elevane er hybelbuarar, og skulen har eit tett samarbeid med heimen der elevane bur.

– Firda vidaregåande skule skil seg ut med ei gjennomtenkt tilnærming til inkludering og relasjonsbygging gjennom sitt langvarige arbeid for å sjå heilskapen rundt elevane, seier juryleiar Inga Bostad, direktør ved Norsk senter for menneskerettar.

Skulen arbeider for dialog som ein grunnleggjande verdi i alt dei gjer, nyttar systematiske skulevurderingar i lag med elevar og skuleeigar, og skil seg ut ved sitt samarbeid med fylket, kommunen og lokalmiljøet. Elevmedverknad er grunnleggjande på skulen, og eit sterkt elevråd har ei sentral rolle i skuledemokratiet.

Tenkjer nytt

Juryen vil òg framheve ”Gloppen-modellen”, eit utdanningstilbod i helsefag til vaksne, minoritetsspråklege som Firda vidaregåande skule har utvikla i lag med NAV, Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Utdanninga fremjar språkopplæring, integrering og meistring gjennom praksis, og har vorte ”ein naturleg del av skulebiletet”.

Skulen har òg utvikla eit nytt klima- og miljøfag, som skal ruste elevane til å møte det grøne skiftet, og som er eit pionerarbeid i Noreg.

Prisutdeling i november

Det er Hennar Majestet Dronning Sonja som har teke initiativ til prisen, som i år skal delast ut for tolvte gong. Prisen består av 250 000 kroner, eit diplom og eit kunstverk utforma av Dronninga.

Hennar Majestet Dronning Sonja deler ut prisen på Firda vidaregåande skule 28. november.

Heile grunngjevinga frå juryen og meir informasjon om prisen og kriteria ligg på udir.no/vinnar2017