Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Fiskeriministeren til Aukra og Midsund

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) besøker Aukra og Midsund tysdag 13. februar.

Sandberg startar dagen hos Aukra Maritime. Her møter han fleire av leverandørane til Aker Biomarine sin nye krillbåt.

- Sjømatbransjen skapar arbeidsplassar langs heile kysten. Eg ser fram til å høyre meir om korleis denne nye krillbåten bidreg til aktivitet blant verft og underleverandørane, seier fiskeriminister Per Sandberg.  

Det er fyrste gong ein krillbåt blir bygd opp frå botnen av. Den 130 meter lange båten har ein prislapp på om lag ein milliard kroner, og skal fiske krill i Antarktis frå 2019.

Fiskeriministeren reiser deretter vidare til Midsund. Her skal han besøke Hofseth Biocare sin fabrikk, som mellom anna gjer om laks til treningsdrikker og kosttilskot.

- Vi må bruke meir av fisken vår. Det som før har gått rett i søpla, kan bli ei gullgruve for norske bedrifter, seier Sandberg.

Fiskeriministeren er tilgjengeleg for kommentarar begge stadar, og det blir gode mogelegheiter for foto.

Aukra Maritime

Når: 10:00

Kor: Nautnesvegen 153, 6480 Aukra. 

Hofseth Biocare

Når: 13:00

Kor: Stormyra Industriområde, 6475 Midsund.

Pressekontakt for fiskeriministeren:

Kommunikasjonssjef Martine Røiseland, mobil 97055024, mrd@nfd.dep.no