Fleire norske verksemder vil medverke til å minske matsvinnet

17 nye verksemder har slutta seg til ein avtale mellom styresmaktene og matbransjen om å minske matsvinnet med 50 prosent innan 2030.

Matsvinnavtale
Foto: Snorre Tønset/Klima- og miljødepartementet

– Kvart år vert det kasta 355 000 tonn mat i Noreg. Det svarer til 68 kg mat per innbyggjar. Matsvinn er ei stor utfordring som styresmaktene og matbransjen ynskjer å løyse i lag. Vi ser allereie resultat ved at matsvinnet er minska med 14 prosent dei siste åra, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

Bensinstasjonskjeda Cirkel K, med meir enn 450 drivstoffutsal i Noreg, er blant dei som no har skrive under. Cirkle K er den andre store kjeda av forhandlarar av drivstoff som vert med etter at ST1 (tidlegare Shell) slutta seg til bransjeavtalen i september i fjor.

Alle daglegvarekjedene er no med. Matvareprodusentar som Tine, Q-meieriene, Kavli, Nortura, Orkla og Finsbråten, samt hotellkjedene Nordic Choice, Scandic og Thon, har skrive under tidlegare, og kantinekjedene Sodexo, Eurest og ISS er òg med.

Totalt har 60 leiande aktørar i matbransjen forplikta seg til å måle og levere data på sitt matsvinn og jobbe med – og rapportere på – tiltak i eiga verksemd og i lag med andre.

– Det er oppmuntrande at stadig fleire norske verksemder sluttar seg til bransjeavtalen om å kaste mindre mat. Den store oppslutninga om avtalen gjer det realistisk å nå målet om 50 prosent nedgang innan 2030, seier Ola Elvestuen.

Fem departement og 12 bransjeorganisasjonar skreiv under avtalen om å minske matsvinnet i juni fjor. Målet er å halvere matsvinnet innan 2030.

– Den nye merkinga "Best før – ofte god etter", sal av småbrød og systematisk nedprising av mat som nærmar seg dato for utløp, er døme på at bransjen er medviten om det ansvaret dei har. Å minske matsvinnet er bra både for miljøet og for økonomien til den einskilde, seier Ola Elvestuen.

Arbeidet med å minske matsvinnet i Noreg dei siste åra har gjeve resultat. Matsvinnet i Noreg vart minska med 14 prosent frå 2010 til 2016.