Første spadestikk på utgraving av Gjellestadskipet

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn tok i dag første spadestikk til utgravinga av Gjellestadskipet. Restane av dette vikingskipet blei funne i 2018 på garden Jellestad ved Halden. Det er eit av de mest oppsiktsvekkande arkeologiske funna i Noreg i etterkrigstida.

-Gjellestadskipet er eit funn av eineståande nasjonal og internasjonal tyding, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Spadetak
Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn tar første spadetak under utgravningen av Gjellestadskipet Foto: KLD

-Funnet er veldig sårbart ovanfor menneskelege inngrep og klimaendringar, og vi veit at det er under aktiv nedbryting.  Derfor var det nødvendig at regjeringa sørgde for ei ekstraordinær løyving over revidert statsbudsjett for å få stansa nedbrytinga og sikra funnet og kunnskapspotensialet så hurtig som mogleg, seier klima- og miljøministeren.

Bevaringsforholda og bevaringstilstanda for skipet er ekstremt dårlege. Det hastar med å få dokumentert funnet før det blir heilt øydelagt. Ved undersøkingar i 2019 blei det konstatert at berre kjølen på skipet er bevart og intakt, men sterkt nedbroten  av sopp. Det er over 100 år sidan  sist eit gravskip frå vikingtida blei undersøkt i Norge.

-Det er ei stor ære for meg å starte denne kunnskapssikringa ved å gjere det aller første spadestikket, seier Rotevatn.

Arkeologane skal jobbe på Gjellestad i fem månader. Det er knytt store forskings- og formidlingsinteresser til funnet både nasjonalt og ikkje minst internasjonalt. Skipene var en forutsetning for det som vi karakteriserer som vikingtiden i Norge.