Historisk arkiv

Fristen for å søkje Innovasjons- og utviklingstilskot til nyheits- og aktualitetsmedium er 20. september

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Det er sett av 7 millionar kroner i 2018, og pengane blir fordelt i éi tildelingsrunde før jul. Ordninga skal særleg fremje redaksjonell, innhaldsrette innovasjon og utvikling i små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium.

Kriterier:

  • hovudformål å drive journalistisk produksjon og formidling av nyheiter, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt til publikum
  • inneheld eit breitt tilbod av nyheits-, aktualitets- og debattstoff frå ulike samfunnsområde
  • har ein ansvarleg redaktør med status som svarer til føresegnene i Redaktørplakaten

Fleire nyheits- og aktualitetsmedium kan søke saman om tilskot til fellesprosjekt.

Les meir og send inn søknad på nettsida til Medietilsynet