Historisk arkiv

Fylkesmann i Hordaland og Sogn og Fjordane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Lars Sponheim er i statsråd i dag utnemnd til fylkesmann i Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Vi får behalde ein dyktig fylkesmann med brei og solid erfaring, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Fylkesmannsembeta i Hordaland og Sogn og Fjordane blir slått saman 1. januar 2019, og vil ha delt lokalisering. Embetet som fylkesmann i Hordaland og Sogn og Fjordane blir etablert frå same tidspunkt. Sponheim er i dag utnemnd som fylkesmann i det nye embetet.   

Lars Sponheim (60) vart utnemnd som fylkesmann i Hordaland i mars 2010, og er no konstituert som fylkesmann i Hordaland inntil den nye strukturen vert sett i verk. Sponheim er utdanna sivilagronom. Han var stortingsrepresentant for Venstre frå 1993 til 2009, og var også partileiar i fleire år. Han har vore statsråd i to regjeringar. Sponheim har også vore ordførar i Ulvik, og han har arbeidd både som rektor og lektor ved Statens Gartnerskole.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00