Fylkesmann i Møre og Romsdal

Harald Tom Nesvik er i statsråd i dag utnemnd til fylkesmann i Møre og Romsdal.

– Vi får på plass ein dyktig leiar med solid erfaring og god kjennskap til fylket, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Embete som fylkesmann i Møre og Romsdal er ledig frå 1. januar 2019, med tilsetjing frå same tidspunkt.

Harald Tom Nesvik (50 år) er parlamentarisk leiar for Frp og har vore stortingsrepresentant sidan 1997. Han har sete i fleire komitear på Stortinget, blant anna som medlem i Sosialkomiteen, som  leiar av Helse- og omsorgskomiteen, og vore medlem i Europautvalet. Nesvik har også hatt ulike styreverv; blant anna som konsernstyremedlem i Tafjord Kraft AS og styreleiar av Ålesund regionens hamneråd. Nesvik har utdanning frå Møre og Romsdals fiskeritekniske høgskole, og han har gjennomført Sjefskurset ved Forsvarets høgskole.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00