Fylkesmannen blir statsforvaltaren

Frå 1. januar 2021 får fylkesmannen den nye, kjønnsnøytrale tittelen statsforvaltar.

– Vi vidareførar tradisjonen med at institusjonen og personen har same namn. Samstundes blir skilnaden mellom statens regionale representant og fylkeskommunen tydelegare, seier Nikolai Astrup, kommunal- og moderniseringsminister (H).

Regjeringa fatta i mars vedtak om at kjønnsspesifikke stillingstitlar skal gjerast om til kjønnsnøytrale stillingstitlar i alle statlege verksemder. Det gjeld mellom anna fylkesmannen – både tittelen på stillinga og namnet til verksemda.

Departementet har fått mange gode og kreative namneforslag, mellom anna i sosiale medier.

− Vi har drøfta fleire alternativ, men landa til slutt på tittelen statsforvaltar. Det som i dag er fylkesmannen i Trøndelag, blir frå 1. januar statsforvaltaren i Trøndelag, seier Astrup.

Statsforvaltarane har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og regjeringa. Dei har og ei viktig rolle som bindeledd mellom stat og kommune, tverrsektoriell samordnar og rettssikkerhetsinstans overfor innbyggjarane.

− Nytt namn er sjølvsagt interessant, men det viktigaste er at statsforvaltarane framleis vil ha ei svært sentral rolle i det norske samfunnet, seier Astrup.

I desse tider har fylkesmennene ei heilt sentral rolle i handteringa av koronapandemien i fylka sine. Dei har faste møter med sentrale helse- og beredskapsstyremakter og kommunane for å informere, koordinere og utarbeide felles køyrereglar for handteringa av pandemien regionalt. Fylkesmennene har ei viktig oppgåve i å få til god samhandling mellom ulike fagområde og mellom sentrale helsestyremakter og kommunane.

Kommunal- og moderniseringsdepartementets pressetelefon: 22 24 25 00