Historisk arkiv

Hallén styreleiar for Høgskulen på Vestlandet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Arvid Hallén blir styreleiar for den nye Høgskulen på Vestlandet. Han får med seg Kari Kjenndalen, Aina Berg, Trond Ueland og Gunnar Birkeland.

Dei tre styra til Høgskolen Stord/Haugesund, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen i Bergen gjekk i juni inn for å slå seg saman til Høgskulen på Vestlandet. Det skjer ved årsskiftet, men dei tre skulane får allereie no eit felles interimsstyre. Interimsstyret blir styret for Høgskulen på Vestlandet i perioden frå 1. januar 2017 til 31. juli 2019.

I tillegg til medlemmene departementet har valt, skal styret og interimsstyret ha medlemmer som er valde av dei tre høgskulane.

− Styra ved dei ulike høgskulane har gjort ein god jobb med å førebu samanslåinga, og interimsstyret får no det viktige ansvaret for å ta dette vidare. Eg er trygg på at dette vil gje Høgskulen på Vestlandet ein god start, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Kunnskapsdepartementet har oppnemnt avtroppande direktør i Noregs Forskingsråd, Arvid Hallén, som styreleiar for den nye høgskulen. Han får med seg Kari Kjenndalen, Aina Berg, Trond Ueland og Gunnar Birkeland. Varamedlemmer blir Hege Økland og Arne Bengt Riple.

− Høgskulen på Vestlandet har fått dyktige styremedlemmer som skal jobbe med den historiske samanslåinga. Den nye institusjonen vil gjere regionen betre i stand til å møte omstillinga som Vestlandet er midt oppi, seier Røe Isaksen.

Interimsstyret blir styret for Høgskulen på Vestlandet når han ser dagslys frå årsskiftet. Kari Kjenndalen vil vere styreleiar for høgskulestyret fram til Arvid Hallén går av som administrerande direktør i Forskingsrådet i mars neste år.  

Kort om styremedlemmene:

Arvid Hallén. Administrerande direktør i Noregs Forskingsråd fram til 1. mars 2017.

Kari Kjenndalen. Tidlegare styreleiar for Høgskolen i Sør-Trøndelag, tidlegare administrerande direktør for Høgskolen i Lillehammer.

Aina Berg.  Administrerande direktør i Uni Research AS. Styremedlem ved Høgskolen i Bergen.

Trond Ueland. Kommunalsjef i Førde kommune. Styreleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Gunnar Birkeland. Administrerande direktør i Polytec, dagleg leiar i  Haugaland kunnskapspark AS. Styremedlem ved Høgskolen Stord/Haugesund.