Historisk arkiv

Hegstad skal leie utval som skal sjå på folkehøgskulane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Folkehøgskulane er ein viktig del av det norske utdanningssystemet, men det er lenge sidan folkehøgskulefeltet har vorte evaluert. Regjeringa har derfor oppnemnt eit offentleg utval som blant anna skal sjå på kva slags samfunnsoppdrag folkehøgskulane skal ha. I dag er leiaren, Rode Margrethe Hegstad, og dei andre medlemmene i utvalet, oppnemnt i statsråd.

Å gå på ein folkehøgskule er blitt stadig meir populært, og kvart år begynner meir enn ein av ti ungdommar på ein dei  80 folkehøgskulane i landet.

– Folkehøgskulane har ein lang tradisjon i Noreg. Dei har vore ein grunnstein i den demokratiske utviklinga vår. Regjeringa har satsa på å utvikle folkehøgskulane, og har sidan 2014 godkjent heile seks nye folkehøgskular, frå Svalbard i nord til Mandal i sør, seier Melby.

Det er likevel behov for systematisert kunnskap om innhaldet og kvaliteten på folkehøgskulane og elevane som går der.

-For å sikre at folkehøgskulane framleis skal vere eit viktig supplement til det formelle utdanningssystemet vårt, meiner eg det er nyttig at vi får eit heilskapleg blikk på sektoren no, og eg er veldig glad for at Hegstad og dei andre i utvalet skal bidra i dette arbeidet, seier Melby.

 

Problemstillingane som utvalet skal vurdere:

-kva bør vere samfunnsoppdraget til folkehøgskulane, og korleis kan skulane bidra til å løyse konkrete samfunnsutfordringar

-kva kjenneteiknar god fagleg kvalitet i folkehøgskulane

-korleis kan ein vidareutvikle og sikre den faglege kvaliteten ved folkehøgskulane

-behovet for kunnskap om folkehøgskulane, utdanningane og elevane som går der og korleis ein kan sikre eit oppdatert kunnskapsgrunnlag framover

-økonomiske og juridiske rammevilkår for folkehøgskulane, der ein òg ser på systemet for godkjenning av nye skular

Utvalet skal levere innstillinga si innan 1. oktober 2022.

Om utvalsleiaren

Rode Margrete Hegstad er student og tidlegare styreleiar i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU). LNU organiserer 96 barne- og ungdomsorganisasjonar med til saman over 400.000 medlemskap. Hegstad var styreleiar i perioden juni 2017 til mai 2020, og vart valt inn i LNUs styre for første gang i 2014.

Utvalet:

Utvalet består av 11 personar, inkludert leiar. Utvalet har samla sett god kjennskap til folkehøgskulesektoren, samtidig som utvalet består av representantar med eit breitt samfunnsperspektiv. Utvalet har òg kjennskap til andre delar av kunnskapssektoren og til folkehøgskular i eit nordisk perspektiv.

 

  1. Student Rode Margrethe Hegstad (leiar), Oslo
  2. Styreleder Gunnar Birkeland, Birkenes
  3. Assisterende rektor Astrid Elisabeth Moen, Inderøy
  4. Student Thea Stormo Solberg, Oslo
  5. Styreleder Per Armand Thorbjørnsen, Stavanger
  6. Professor Nina Volckmar, Trondheim
  7. Kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken, Åndalsnes
  8. Aktøransvarlig Irene Kinunda Afriyie, Bergen
  9. Viserektor Rasmus Dyrvig Henriksen, Århus
  10. Programleder Samuel Massie, Nittedal
  11. Rådgiver Mats André Kirkebirkeland, Oslo