Hovudfordelinga av spelemidlar i 2021: 908,6 millionar kroner til kulturformål

I 2021 blir det fordelt 908,6 millionar kroner til frivilligheit og kultur frå overskotet i Norsk Tipping AS i 2020.

– Eg er glad for at tilskotet av spelemidlane til frivilligheita og kulturen er rekordhøgt i år. Spelemidlane til kulturformål bidreg til aktivitet i heile landet, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.

30 millionar kroner til Instrumentfondet

Voksen skole musikkorps under uteøvelse ved Bogstad skole i Oslo
Abid Raja besøkte torsdag 6. mai Voksen skole musikkorps under øvelse ved Bogstad skole i Oslo, der han slapp nyheten om at støtten til instrumentfondet for korps og orkestre dobles fra 15 til 30 millioner i årets spillemiddelfordeling. Foto: Kulturdepartementet

Tildelinga av spelemidlar til innkjøpsordningar for instrument blir nesten dobla i 2021.

Instrumentfondet er ei tilskotsordning for kjøp av musikkinstrument til skolekorps og barne- og ungdomsorkester som Norges Musikkorps Forbund (NMF) og De Unges Orkesterforbund (UNOF) deler ut på vegner av Kulturdepartementet. I år får Instrumentfondet ein rekordstor del av spelemidlane til kulturformål.

Tilskotsordninga bidreg til at skolekorps og orkester over heile landet kan få støtte til innkjøp av kostbare instrument. Slik kan korpsa og orkestera halde utgiftene nede og auke rekrutteringa.

– I barne- og ungdomskulturmeldinga, som vi la fram for kort tid sidan, slo vi fast at alle barn og unge skal få sjansen til å vere med på kunst- og kulturtilboda dei er interesserte i, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja. – Denne tilskotsordninga er eit bidrag til målet om å gi alle barn og unge, uavhengig av bakgrunn, tilgang til kunst og kultur.

Meir midlar til Den kulturelle skulesekken

I 2021 blir det fordelt 306,5 millionar kroner til Den kulturelle skulesekken, som skal bidra til å gi barn og unge eit likeverdig kunst- og kulturtilbod over heile landet.

Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal ordning som skal formidle kunst og kultur av høg kvalitet til barn og unge. Alle elevane i grunnskolen og vidaregåande skole skal få eit gratis tilbod jamleg.

– Den kulturelle skulesekken er heilt avgjerande for at alle barn og unge skal få oppleve, gjere seg kjende med og utvikle forståing for profesjonelle kunst- og kulturuttrykk av alle slag, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.

Den kulturelle skulesekken er eit samarbeid mellom kultursektoren og utdanningssektoren på statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå. Spelemidlane blir fordelte til fylkeskommunane og kommunane, som har ansvaret for ordninga lokalt og regionalt. Fylkeskommunane vil òg få tildelt 4 millionar kroner frå statsbudsjettet i 2021 for å styrkje innhaldet i ordninga.

Spelemidlane til Den kulturelle skolesekken har auka med nærmare 100 millionar kroner sidan 2016. Fordelinga i 2020 var på 285 millionar kroner. 

Kulturdepartementet aukar tilskotet til studieforbund med 9,2 millionar kroner

Frå 1. januar 2021 er ansvaret for studieforbundsordninga delt mellom Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet. For at studieforbunda som ligg under Kulturdepartementet, skal kome like godt ut økonomisk som før delinga, var det behov for å styrkje tilskotet til ordninga med 9,2 millionar kroner. Desse midlane er tekne frå spelemidlar til kulturformål.

Studieforbunda skal leggje til rette for organisert kursaktivitet på sida av det formelle utdanningssystemet. Studieforbunda sikrar meir læring i frivillige organisasjonar, og med utstrekt kursverksemd styrkjer studieforbunda mangfaldet i kulturlivet.

– Kompetanse er nøkkelen for at vi skal kome oss på beina igjen etter koronakrisa, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja. Midlane vi no gir, skal sørgje for meir opplæringsaktivitet i studieforbunda og hos medlemsorganisasjonane deira, seier statsråd Raja.

Tiltak

Fordeling (kroner)

Den kulturelle skulesekken

306 500 000

Frifond

201 500 000

Regionale kulturbygg

56 250 000

Prosjekt- og utviklingsmidlar på arkivfeltet

12 300 000

Prosjekt- og utviklingsmidlar på bibliotekfeltet

49 700 000

Prosjekt- og utviklingsmidlar på museumsfeltet

25 750 000

Nasjonale musikkorganisasjonar

21 500 000

Instrumentfondet

30 000 000

Kulturrom

46 050 000

Krafttak for song

5 500 000

Folkeakademienes Landsforbund

8 750 000

Historiske spel

4 100 000

Norske kirkeakademier

2 150 000

Aktivitetsmidlar for kor

Ordningar for kordirigentar

12 100 000

3 250 000

Gåveforsterkingsordninga

70 000 000

Studieforbund

9 200 000

Midlar til fordeling seinare i 2021

44 003 000

Totalt

908 603 000