Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utanriksminister Eriksen Søreide til ministermøte i anti-Isil-koalisjonen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltek onsdag 6. februar på møte i anti-Isil-koalisjonen i Washington. Møtet vert leia av utanriksministeren i USA, Mike Pompeo.

Noreg bidreg både til koalisjonens sivile og militære innsats. Dei fleste områda i Syria og Irak er frigjorde frå terrorgruppa Isil, men arbeidet med å finne politiske løysingar og sivil innsats held fram.

Utanriksministeren deltek mellom anna på eit møte om temaet ansvarleggjering og straffeforfølging av Isil og trygging av minoritetar der mellom anna fredsprisvinnar Nadia Murad deltek.

Utanriksministeren vil og ha ei rekkje politiske møte i Washington.

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde (med på reisa), ane.lunde@mfa.no, +47 976 71 250