Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utanriksministeren til Kirkenes 21. februar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltek 21. februar på Kirkeneskonferansen. Ho vil også opne Barents Spektakel 2018.

Kirkeneskonferansen er ein av dei viktigaste arenaene for diskusjon om næringsutvikling og politikk i nord. Årets konferanse tek føre seg nordområda i skjeringspunktet mellom politikk, nærings- og samfunnsutvikling i Barentsregionen. Sør-Varanger kommune, Barentssekretariatet og Kirkenes Næringshage står bak arrangementet. Utanriksministeren held opningsinnlegget under sesjonen Det strategiske Barents, som byrjar kl. 13.00. Ho vil i tillegg besøke Barentssekretariatet, lokale verksemder og møte representantar for næringsliv og politikk.

Det blir eit pressemøte etter sesjonen utanriksministeren deltek på. Førebels tid og stad: Thon hotell ca. kl. 14.40. Det kan kome endringar i programmet.

Utanriksministeren opnar kl. 18.00 kulturfestivalen Barents Spektakel. Festivalen vert i år arrangert for 14. gong, og tema er spenninga mellom fotball og politikk - under tittelen «Trade Low – Score High».

For ytterlegare informasjon om Kirkeneskonferansen, sjå Kirkeneskonferansen 2018.

Pressekontakt: Frode Overland Andersen, 917 22 022