Presseinformasjon

Fire statsrådar i møte med EU-kommisjonen om Europas grøne giv

Fire norske statsrådar møter måndag 1. mars EU-kommisjonen for å diskutere Noregs bidrag til Europas grøne giv (European Green Deal).

Nett-tv Fire statsrådar i møte med EU-kommisjonen om Europas grøne giv

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

På norsk side deltek utanriksminister Ine Eriksen Søreide, klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn, samferdselsminister Knut Arild Hareide og olje- og energiminister Tina Bru. Frå EU-kommisjonen stiller visepresident med ansvar for Europas grøne giv, Frans Timmermans, samt kommissærane med ansvar for energi, Kadri Simson, transport, Adina Vălean, og hav, fiskeri og miljø, Virginijus Sinkevičius.

- Dette møtet er ei direkte oppfølging av møtet som statsminister Erna Solberg hadde med president i EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen, i fjor haust. Nå skal vi snakke meir i detalj om korleis vi kan gjere samarbeidet med EU djupare og sterkare og kva Noreg kan bidra med i arbeidet med å nå klimamåla og samstundes styrke vår eiga grøne konkurransekraft, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide.

Samarbeid på tvers av sektorar for å nå klimamåla, førebuingar til det neste internasjonale klimatoppmøtet COP26, energi, inkludert havvind og hydrogen, grøn transport og sirkulær økonomi er blant sakene som står på dagsorden.

Tid: måndag 1. mars kl. 12.00-13.30
Stad: digitalt møte

Kl. 13.30: Digitalt pressemøte (kan kome justeringar i tidspunktet)

Dei fire statsrådane møter pressa digitalt straks etter møtet med Kommisjonen. Presse som ønskjer å delta, bør melde si interesse til ane.lunde@mfa.no.

Presse med gyldig pressekort kan koble seg opp til pressekonferansen via denne lenka. Hugs å oppgi fullt namn og namn på organisasjonen du representerer.

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, ane.lunde@mfa.no, 97 67 12 50