Presseinformasjon

Mogherini og Brende på Europa-konferansen

Mandag 13. juni kjem Federica Mogherini, høgrepresentant for utanrikssaker og tryggingspolitikk i EU, til Oslo. Mogherini deltar saman med Brende på Europa-konferansen, som UD og EU sin delegasjon i Oslo arrangerer i samarbeid, på Nobels Fredssenter. Konferansen er også ein del av UD sitt arbeid med «Veival-meldinga».

Nett-tv Europa-konferansen

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Presseprogram

Kl. 18.15: Mogherini møter utanriksminister Brende, EØS/EU-minister Aspaker og forsvarsminister Eriksen Søreide i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Det blir høve til fotografering ved starten av møtet. Pressefotografar som vil delta, må vere på plass kl. 17.45, inngang frå Riddervoldsgate 2.

Kl. 19.00: Mogherini og Brende gir korte kommentarar til pressa når dei kjem til Nobels Fredssenter, Brynjulf Bulls Plass 1, Oslo.

Kl. 19.15: Europa-konferansen startar. Temaet er "Felles utfordringar for Europa. Ein strategi for utanriks- og tryggingspolitikk.", sjå invitasjon og meir informasjon under. Arrangementet inngår også som ein del av UD sitt arbeid med «Veival-meldinga».

Presse som vil dekke møtet og konferansen, må ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, rbj@mfa.no.