Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 19

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 19, 2017.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort på kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 8. - tysdag 9. mai
Utanriksminister Brende deltek på møte i Munich Security Conference (MSC) Core Group. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Washington D.C., USA

Pressekontakt: Ingrid Kvammen Ekker, 990 24 984.

Onsdag 10. – torsdag 11. mai
Utanriksminister Brende deltek på utanriksministermøte i Arktisk råd. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Fairbanks, Alaska, USA

Pressekontakt: Ingrid Kvammen Ekker, 990 24 984.

EØS- og EU-minister Frank Bakke-Jensen

Måndag 8. - tysdag 9. mai
EØS- og EU-minister Bakke-Jensen vitjar Tallinn for å underskrive nye samarbeidsavtalar med Estland under EØS-midla. I tillegg skal han møte utanriksminister Sven Mikser, og viseutanriksminister Matti Maasikas. Eiga presseinformasjon følgjer. Stad: Tallinn, Estland.

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250 .

Onsdag 10. mai
Kl. 13.00: EØS- og EU-minister Bakke-Jensen deltek på regjeringa sin kontaktkonferanse med fylkeskommunane 2017, og han held innlegg om dei nye regionane si rolle i det europeiske samarbeidet. Stad: Oslo

Pressekontakt: Siri R. Svendsen, 976 87 801.

Torsdag 11. mai
Kl. 11.30: EØS- og EU-minister Bakke-Jensen deltek, saman med næringsminister Mæland og fiskeriminister Sandberg, på eit dialogmøte om konsekvensane for norsk næringsliv av Storbritannia si utmelding av EU. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Regjeringskvartalet, Oslo.

Pressekontakt: Siri R. Svendsen, 976 87 801.

Kl. 14.00: EØS- og EU-minister Bakke-Jensen deltek på markeringa av Europadagen i regi av EU sin delegasjon til Noreg. Stad: Oslo Militære Samfund.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Marit Berger Røsland

Tysdag 9. – onsdag 10. mai
Statssekretær Marit Berger Røsland held innleiing for Nato si parlamentarikarforsamling. Stad: Longyearbyen, Svalbard.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Tone Skogen

Tysdag 9. mai
Kl. 11.00: Statssekretær Tone Skogen møter Patrick Keuleers, leiar for UNDP si fagavdeling med ansvar for demokratisk styresett og fredsbygging. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 12.00: Statssekretær Tone Skogen leiar eit møte i Sahel-forum. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 20.00: Statssekretær Tone Skogen er vert for ein middag med Leticia da Silva Klemens, energiminister i Mosambik. Stad: Ekebergrestauranten, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 10. – torsdag 11. mai
Statssekretær Tone Skogen deltek på London Somalia Conference. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: London, England

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 12. mai
Kl. 12.30: Statssekretær Tone Skogen møter Rederiforbundet. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Laila Bokhari

Måndag 8. mai
Statssekretær Laila Bokhari deltek på markeringa av frigjerings- og veterandagen 8. mai. Stad: Jørstadmoen, Lillehammer.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 9. mai
Kl. 13.00: Statssekretær Laila Bokhari møter Gwen Young frå Wilson Center. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 10. – torsdag 11. mai
Statssekretær Laila Bokhari deltek på Unesco sitt nordiske gjevarlandsmøte i Paris. Stad: Paris, Frankrike

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Elsbeth Tronstad

Søndag 7. – måndag 8. mai
Statssekretær Tronstad vitjar Budapest for møte mellom anna med statssekretær László Szabó i det ungarske utanriksdepartementet. Ho deltek også på opninga av det nordisk-ungarske innovasjonsforumet Nordic Green Light, arrangert av det ungarske utanriksdepartementet i samarbeid med dei nordiske ambassadane i Budapest.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 9. mai
Kl. 09.00: Statssekretær Tronstad held innleiing på konferansen «Europeisk tryggleik og samarbeid i turbulente tider» i regi av Europabevegelsen. Stad: Håndverkeren, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02