Historisk arkiv

Konstruktive tilrådingar frå FNs rasediskrimineringskomité

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Førre veke vart Noreg høyrt av FNs rasediskrimineringskomité i Genève. Fredag kom tilrådingane frå komiteen.

- Eg opplever tilbakemeldingane frå FNs rasediskrimineringskomité som konstruktive og vil no studere dei nøye for å sjå korleis Noreg kan følgje opp. Rapporten peiker både på positive og negative trekk ved utviklinga i Noreg, seier statsråd Solveig Horne (FrP).

Høyring i Genève

Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (FrP) leia den norske delegasjonen under høyringa i FNs rasediskrimineringskomité i Genève førre veke. Der vart statsråden spurt ut om tema som hatkriminalitet, integrering og rettane til samar og nasjonale minoritetar. Fredag publiserte komiteen rapporten med tilbakemeldingar til Noreg.

- Tilrådingane frå FNs rasediskrimineringskomité reflekterer det som kom opp under høyringa førre veke. Komiteen kjem mellom anna med tilrådingar på arbeidet mot hatefulle ytringar og hatkriminalitet, og det er eit arbeid regjeringa er opptatt av, seier statsråd Horne.

Skal rapportere

Tre av tilrådingane skal Noreg rapportere på innan eitt år. Dei andre tilrådingane skal rapporterast på i neste rapport, som skal leverast innan 19. september 2017.

Les alle tilrådingane frå FNs rasediskrimineringskomité her.