Kraftig auke i midlar til skogsvegar og tømmerkaier i 2017

Av ei samla ramme på 107 millionar kroner, er 32 millionar kroner sett av til skogsvegformål og 75 millionar kroner til tømmerkaier. I tillegg er det allereie fordelt 103 millionar kroner til skogsvegar og taubanedrift over kapittel 1150, post 50 Tilskott til Landbrukets utviklingsfond. Totalt er det sett av 210 millionar kroner til infrastrukturtiltak i skogbruket for 2017.

– Denne regjeringa satsar på betre infrastruktur, også i skogbruket, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. – Betre skogsvegnett og vidareutvikling av tømmerkaier er viktige tiltak for auka hogst og lønnsemd i skog- og trenæringa. – Meir aktivitet i skogen gjev positive klimabidrag og ringverknadar for næringsverksemd og sysselsetjing i distrikta.  Av omsyn til kystfylke som er råka mest av arbeidsløyse, skal 29 millionar kroner av løyvinga til tømmerkaier prioriterast til prosjekt i slike område, seier Dale. 

Regjeringa har tidlegare auka dei totale løyvingane til skogsvegar frå 69 millionar kroner i 2013 til 135 millionar kroner i 2017, nær ei dobling. Løyvingane til tømmerkaier er meir enn tredobla, til 75 millionar kroner i 2017. Landbruksdirektoratet forvaltar desse tilskottsmidlane på oppdrag frå departementet. 

Tømmerkai.
Av omsyn til kystfylke som er råka mest av arbeidsløyse, skal 29 millioner kroner av løyvinga til tømmerkaier prioriterast til prosjekt i slike område. Foto: Terje Natland/Fylkesmannen i Hordaland

Fordelinga av midlar til infrastrukturtiltak i skogbruket går over statsbudsjettet kapittel 1149, post 71 Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket er nyleg gjort.