Landbruks- og matminister Jon Georg Dale vil regulere talet på svensk rein i Noreg

Det har blitt arbeidd i nærare 20 år med ein ny konvensjon om grenseoverskridande reindrift mellom Noreg og Sverige, utan at ein har klart å løyse saka. I sumar er det frå svensk side gjort kjent at dei ikkje kan ratifisere framlegg til ny konvensjon, som har vore klar sidan 2009, og som Noreg har godkjent og etterlevd.

I ein situasjon utan ein konvensjon mellom Sverige og Noreg, er tilhøva for den norske reindrifta blitt krevjande. 

– Noreg forvaltar framleis våre forpliktingar i samsvar med tidlegare konvensjon, understrekar landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Dette gjer at norsk reindrift i liten grad kan nytte vinterbeiter på svensk side av grensa.

Talet på svenske rein som har nytta beitområda på norsk side har over mange år auka i tal, og bidrege til at driftstilhøva for norsk reindrift er blitt særs vanskelege. 

Produksjonen i næringa og velferda for dyra er difor truga. Det har frå norsk side vore omfattande reguleringar på den norske reindrifta for å få eit dyretal som er økologisk berekraftig og i samsvar med beitegrunnlaget. 

– Det er uhaldbart for norske reineigarar at samstundes som ein sjølve iverksett slike tiltak, så flyttar svensk reindrift inn i dei same beiteområda utan nokon form for kontroll over kor mange dyr som nyttar beitegrunnlaget, seier landbruks- og matminister Dale. 

– I mangel av fungerande reinbeitekonvensjon og av omsyn til ei økologisk berekraftig reindrift, tek eg sikte på å etablere eit lovgrunnlag for å regulere talet på svensk rein på beite i Noreg, seier Dale.   

– Eg legg til grunn at ei slik regulering skal vere tufta på beiteøkologiske berekraftvurderingar, på tilsvarande måte som vi regulerer reintalet elles i Noreg. Svensk reindrift i Noreg vil slik bli likebehandla med norsk reindrift med tanke på maksimalt tillate dyretal på dei norske beita, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Noreg vil ikkje take opp att forhandlingane 

Det er frå svensk side ytra ynskje om at forhandlingane bør takast opp att for å gjere nye forsøk på å kome fram til ei løysing i saka. 

– Frå norsk side har det vore, og er det framleis, eit stort ynskje å få på plass ein ny konvensjon mellom Sverige og Noreg. Vi har lenge vore klare til å godkjenne framlegg til ny konvensjon,  seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

– Men ut frå dei røynslene som er hausta i dei svært krevjande prosessane vi har bak oss, er det etter mi meining små utsikter til at nye forhandlingar vil føre til avklaringar som vil leie fram til ein ny konvensjon. Det er allereie forhandla fram ein avtale som bør gje grunnlag for å ratifisere ein ny reinbeitekonvensjon,  seier Jon Georg Dale. 

– Det er difor ikkje aktuelt frå vår side å ta opp att forhandlingane. Frå norsk side vil ein no setje sluttstrek, og med det konstatere at prosessane ikkje har ført fram. Dette har eg meldt attende til landsbygdsminister Sven-Erik Bucht, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Den siste konvensjonen om grenseoverskridande reindrift mellom Noreg og Sverige (reinbeitekonvensjonen frå 1972) slutta å gjelde i 2005 etter at svenske styresmakter avviste eit norsk forslag om å forlenge konvensjonen med ytterlegare tre år.  I februar 2009 låg det føre framlegg til ny konvensjon, som vart underteikna av dei ansvarlege ministrane i oktober same året.

Sidan har det vore arbeidd for å få ratifisert og satt i verk den nye konvensjonen, slik at ein på nytt kan ha ein operativ konvensjon mellom landa.