Historisk arkiv

Landsforeningen Ungdom og Fritid og Oslo Skateboardforening får oppdraget med å skape eit ressurssenter for eigenorganisert idrett

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet gir Landsforeningen Ungdom og Fritid og Oslo Skateboardforening oppdraget med å etablere og drifte eit ressurssenter for eigenorganisert idrett. Oppdraget skal løysast i fellesskap.

- Søknadane frå dei to organisasjonane viser ulike styrker som gjer at dei utfyller kverandre. Ved at dei saman etablerer og driftar dette ressurssenteret vil resultatet bli eit sterkare senter enn kvar av dei kunne fått til åleine,  seier kulturminister Linda Hofstad Helleland. 

I revidert nasjonalbudsjett 2017 løyvde Stortinget 2 millionar kroner til etableringa av eit ressurssenter for eigenorganisert idrett. 

- For å ivareta måla i idrettspolitikken må vi legge til rette både for den organiserte idretten og for dei som ønskjer å drive eigenorganisert fysisk aktivitet utanfor idretten. Alle skal ha høve til å drive idrett og fysisk aktivitet, seier Kulturminister Linda Hofstad Helleland. Ho har stor tillit til at dei to organisasjonane vil meistre oppdraget dei har fått.

- Saman kan Ungdom og Fritid og Oslo Skateboardforening skape eit ressurssenter som både har stor kompetanse på tilrettelegging for eigenorganisert aktivitet, og som har kjennskap til og tyngde i sentrale eigenorganiserte ungdomsmiljø. Dette samarbeidet vil kunne legge til rette for eigenorganisert aktivitet i heile hele landet. 

Ungdom og Fritid og Oslo Skateboardforening skal innan 15. februar 2018 sende ein plan for utforminga av ressurssenteret, og departementet skal godkjenne denne planen.   

Stortinget har satt av 2 millionar kroner til ressurssenteret også i statsbudsjettet for 2018.  Planen er at det skal bli gitt årlege tilskot til senteret i ei prosjektperiode fram til og med 2021.