Lansering av samarbeidsstrategi for barn og ungdom i låginntektsfamiliar

Regjeringa legg fram Like muligheter i oppveksten. Regjeringens samarbeidsstrategi for barn og ungdom i lavinntektsfamilier (2020-2023).

Tid: Fredag 16. oktober 08.30-10.00

Stad: Vulkan arena, Vulkan 26, 0175 Oslo

Statsminister Erna Solberg, barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad og kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby vil innleie. Det vil også bli innlegg frå ungdomspanelet, Redd Barna, Fafo, Ferd og KS.

Det blir servert frukost, frukt, kaffi og te under lanseringa.

Pressa er velkommen til å vere til stades. På grunn av koronasituasjonen og rådande smitteverntiltak ber vi om at de melder frå til [email protected] innan klokka 12 dagen før. Vi følgjer gjeldande smittevernreglar og ber deltakarar ta naudsynte omsyn. Dersom du har symptom ber vi deg om å vere heime.

Det vil også vere mogleg å følgje lanseringa på regjeringa.no/bfd og på Facebook-sida til Barne- og familiedepartementet.

Pressekontakt:

Kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust

Epost: [email protected] Mobil: 99 50 19 17

Program:

Kl. 08.30: Dørene opnar. Servering av frukost og kaffe

Kl. 09.00: Ordstyrar Camara Christina Lundestad Joof ønskjer velkommen

Slampoesi v/Rahel Beraki

Taler

  • Lanseringstale frå barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad
  • Tale frå kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby
  • Tale frå statsminister Erna Solberg

Innlegg

  • Oppsummering av barnehøyringar v/Redd Barna
  • Presentasjon frå Fafo v/ leiar Tone Fløtten om seinaste kunnskapsstatus om barn som veks opp i låginntektsfamiliar i Noreg
  • Innlegg frå ungdomspanelet for låginntektsstrategien om panelet sine tilrådingar v/Claudia Alawi og Tuva Nordøy
  • Innlegg frå Ferd v/Katinka Greve Leiner, direktør
  • Innlegg frå KS v/Gunn Marit Helgesen, 1. nestleder

Kl. 09.50: Programmet er ferdig og tid til intervju