Leiar europeisk forskingsprosjekt om elevbedrifter

Av Ingvild Nave, EU-delegasjonen

Dei neste tre åra skal Østlandsforskning leie europeisk forsking på elevbedrifter i fem europeiske land. Midlane har dei fått gjennom Noreg si deltaking i Erasmus+.

Bilete av Vegard Johansen i Østlandsforskning som har forska mykje på entreprenørskap i utdanninga.
Vegard Johansen i Østlandsforskning har forska mykje på entreprenørskap i utdanninga.

Målet er å analysere korleis ein effektivt kan auke andelen elevar som deltek i elevbedrifter, og kva effekt slike bedrifter kan ha for elevane, skulen og samfunnet.

Prosjektet er støtta av EU sitt rammeprogram for utdanning, Erasmus+, og er kalla «Innovation Cluster for Entrepeneurship Education» (ICEE). Utdanningseksperimentet skal utførast i Belgia, Estland, Finland, Italia og Latvia.

Noreg deltek i EU sitt program for utdanning, Erasmus+. Målet er å forbetre kvaliteten i europeisk skule og høgare utdanning. For perioden 2014-2020 har EU sett av 130 milliardar kroner til Erasmus+.

Leiar forskarteam

Ein av årsakene til at ein har sett i gong prosjektet er for å skaffe seg eit kunnskapsgrunnlag for EU sin framtidige utdanningspolitikk. 14 partnarorganisasjonar deltek i prosjektet. Østlandsforskning  skal leie eit forskarteam som og omfattar Strossmayer Universitet i Kroatia og Fonden for Entrepenørskap i Danmark. Den praktiske gjennomføringa av prosjektet står Junior Achievement – Young Enterprise for (JA-YE). Dei er Europa sin største leverandør av entrepenørskapsprogram og er også koordinator for prosjektet.

– Det er knallhard konkurranse om midlane frå EU sine program for utdanning og forsking. For å lukkast må ein ha levert forsking av høg kvalitet over tid, fortel forskar Vegard Johansen, som skal leie forskingsdelen av ICEE.

Johansen er ein av dei fremste i Europa på entrepenørskapsutdanning i grunnopplæringa, og har hatt ansvar for fleire nasjonale og internasjonale prosjekt om temaet, og gler seg til å starte opp det nye prosjektet.

– Både for JA-YE og for Østlandsforskning er det ei stor anerkjenning å vinne desse midlane. Det er hardt arbeid over fleire år som ligg bak, og resultatet gir inspirasjon til å halde fram med arbeidet. Det er første gang Østlandsforskning får EU-finansiering , så dette er eit svært viktig prosjekt for oss, fortel Johansen.

Meir entreprenørskap

Entreprenørskap i utdanninga står høgt på dagsorden både i EU og i Norge, seier utdanningsråd ved Noregs delegasjon til EU, Harald Nybølet, og legg til at samarbeidet mellom utdanning og arbeidsliv blir stadig viktigare.

Utdanningsministrane i EU slo i desember fast at entreprenørskap må få ein meir sentral plass i skulen og at man må starte tidligare med dette i skuleløpet. Også den norske regjeringa prioriterer entreprenørskap og vil stimulere til tettare samarbeid mellom skuler, bedrifter og forskingsmiljøa. Skulene skal lettare kunne spille på kompetanse i næringslivet i undervisninga, og ei enda breiare deltaking frå norske miljø i Erasmus+-programmet kan hjelpe til med dette.

Prosjektet starta opp 1. februar og varer til 2018.

Les meir om:

Erasmus+

Østlandsforskning

Horisont2020