Lene Grenager tildelt Arne Nordheims komponistpris for 2018

Komponisten og cellisten Lene Grenager er tildelt Arne Nordheims komponistpris for 2018. Prisen blei overrekt av kulturminister Trine Skei Grande torsdag 20. september, under Ultimafestivalen. Prisvinnaren får 200 000 kroner og eit diplom.

Lene Grenager som speler på cello.
Komponist og cellist Lene Grenager. Foto: Harald Solberg

Som cellist jobbar Grenager først og fremst med improvisasjon, hovudsakeleg i kvartettane SPUNK og Lemur og i duo med Sofia Jernberg. Ho har spelt konsertar med desse ensembla i heile Europa og USA og på festivalar i Noreg som Moldejazz og Kongsberg Jazzfestival.

Lene Grenager samarbeider med utøvarar frå ulike tradisjonar. Elektronikk og sampling inngår som ein integrert del i fleire av verka hennar.

– Vi treng musikk og kunstuttrykk som utfordrer oss, og som er med på å bevare gjennom å forandre. Arne Nordheims komponistpris bidrar til å synleggjere komponistar og det dei betyr for kulturen vår, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Frå juryen si grunngjeving om prisvinnaren:

"I det norske komposisjonsmiljøet har prisvinneren tidlig vist vei innen tilnærmingsmåter som i dag anses som ”lingua franca”. Med improvisasjonen i sentrum har hun tatt tak i et gitt materiale, folkemusikalsk- eller annet, og behandlet dette med både komponistens sans for arkitektur og musikerens nærkontakt med stoffet."

Om Nordheim-prisen:

Arne Nordheims komponistpris blei oppretta av Kulturdepartementet i 2001 i samband med komponisten sin 70-årsdag. Prisen blir delt ut kvart anna år under Ultimafestivalen.
I juryen sit komponist Håkon Berge (leiar), dagleg leiar i Norsk Komponistforening  Ida Habbestad og komponist og professor Asbjørn Schaathun.

Tidlegare vinnarar:

2016 Alfred Janson
2014 Magne Hegdal
2012 Øyvind Torvund
2011 Trond Reinholdtsen
2010 Ruben Sverre Gjertsen
2009 Magnar Åm
2008 Ragnhild Berstad
2007 Nils Henrik Asheim
2006 Ole-Henrik Moe
2005 Sven Lyder Kahrs
2004 Cecilie Ore
2003 Lars Petter Hagen
2002 Kåre Kolberg
2001 Maja Solveig Kjelstrup Ratkje

Til toppen