Historisk arkiv

Medieansvarsutvalet foreslår at personvernet i sosiale medium bør styrkjast, men ønskjer ikkje medieombod

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kulturdepartementet

Kulturminister Anniken Huitfeldt mottok i dag NOU 2011:12 Ytringsfrihet og ansvar i en ny mediehverdag frå leiaren av utvalet Helge Olav Bergan.

- Utvalet har gjort eit grundig arbeid. Vi skal no sjå på forslaga, og NOUen skal ut på ordinær høyring, seier kulturminister Anniken Huitfeldt.

Utvalet meiner at pressa si sjølvdømmeordning (Pressens faglege utval, PFU) fungerer godt, og at det ikkje er behov for å etablere eit medieombod.

Utvalet peikar likevel på at det er behov for å styrkje personvernet innanfor sosiale medium og andre medium utan ein sentral redaktørfunksjon. Utvalet ser behov for eit lågterskeltilbod som kan bidra til å løyse konfliktar gjennom dialog og foreslår å styrkje informasjons- og hjelpetenesta slettmeg.no. Utvalet foreslår også at Datatilsynet får ein utvida heimel til å behandle personvernspørsmål utanfor redaktørstyrte medium. 

Utvalet går inn for at reglane om kjeldevern bør utvidast, og at det avgjerande bør vere om verksemda har eit journalistisk formål.

Fleirtalet i utvalet foreslår at særreglane om  strafferettsleg redaktøransvar bør opphevast, medan mindretalet ønskjer å fastsetje eit objektivt eineansvar for redaktørar.

Utvalet er delt i synet på om det bør etablerast ei medieansvarslov. Fleirtalet meier at det ikkje er behov for ei slik lov.

Medieansvarsutvalet vart oppnemnt 17. juli 2009 og har hatt i oppgåve å gjere ei samla vurdering av reglane om plassering av ansvar for ytringar i media. Advokat Helge Olav Bergan har leidd utvalet sidan desember 2009 etter at advokat Janne Kristiansen trekte seg då ho vart utnemnd til PST-sjef.

Mandat og samansetjing

NOU 2011:12 Ytringsfrihet og ansvar i en ny mediehverdag

Presentasjon av utgreiinga

Samandrag av utgreiinga

Bilete i fullformat 

Til toppen