Presseinvitasjon:
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen til Østfold tirsdag 24. april
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Nyheit | Dato: 20.04.2018
Næringsministeren skal besøke bedrifter i Askim, Rakkestad, Sarpsborg og Moss for å høyre korleis dei jobbar for å vere best mogleg rusta for framtida. Han avsluttar med eit besøk i Moss der han møter 30 leiarar frå ulike delar av næringslivet for å få innspel om satsing på innovasjon, forsking og omstilling.
-Østfold er eit gamalt industrifylke med ei stolt industrihistorie. Næringslivet her har vore gjennom store omstillingar mellom anna på 1980- og 1990-tallet. Gjennom å satse grønnare, smartare og meir nyskapande har næringslivet fått eit godt grunnlag for å skape store verdiar for framtida, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.
Program:
Kl 08.00: Kransekakebakeren, Gramveien 38, Askim
Kl 09.30: Slåttland Mek. Industri AS, Rudskogen 30, Rakkestad
Kl 10.45: Borregaard - B-port, Borregaardsveien 24, Sarpsborg
Kl 12.30: Toppleiarsamling på Refsnes Gods, Godset 5, Jeløya