Historisk arkiv

No aukar barnetrygda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Frå 1. september 2020 aukar barnetrygda for barn under 6 år med 300 kroner i månaden. Auken utgjer 3 600 kroner i året.

I fjor auka barnetrygda med litt over 1 000 kroner i året for alle barn. Dette var første gong på over 20 år at barnetrygda vart endra. No aukar barnetrygda for dei minste barna med ytterlegere 3 600 kroner i året.

- Dette er eit historisk løft for barnefamiliane. I Granavolden-plattformen fekk vi gjennomslag for å auke barnetrygda med 7 200 kroner i året, for barn frå 0 til fylte 6 år. No er vi godt på veg med å innføre dette løftet. 3 600 kroner ekstra i året kjem til å gjere kvardagen romslegare for dei barnefamiliane som treng det mest, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Auka barnetrygd for barn opp til fylte 6 år vil gi ei høgare disponibel inntekt til småbarnsforeldra. Dei har ofte kortare fartstid i yrkeslivet og kan derfor ha ein svakare privatøkonomi enn foreldre med eldre barn.

- Omkring 111 000 barn veks i dag opp i familiar med vedvarande låginntekt. Barnetrygda er den enkeltstønaden som truleg betyr mest for å syte for at færre barn veks opp i låginntektsfamiliar. Eg håper denne auken kan bidra til å gi nokon av desse barna betre moglegheiter, seier Ropstad.

Frå 1. september 2020 vil foreldre til barn under 6 år få utbetalt 1 354 kroner i månaden. Dette gjer at den årlege satsen vil være på 16 248 kroner.

Fakta om barnetrygda: 

  • Barnetrygd er ei økonomisk overføring til barnefamiliar som vert utbetalt kvar månad frå barnet er født til fylte 18 år.
  • Barnetrygda skal bidra til å dekke utgifter til forsørging av barn.
  • Den moderne barnetrygda blei innført i 1946. Einslege forsørgarar fekk barnetrygd frå første barn, gifte frå andre barn.
  • I 1970 fekk alle rett til barnetrygd frå første barn.
  • Frå 1970 til 1996 auka barnetrygda jamt
  • Frå 1996 til 2019 stod barnetrygda stille på 970 kr. i månaden per barn.
  • I 2019 auka barnetrygda med litt over 1000 kroner i året for alle barn mellom 0 og 18 år.
  • Einslege forsørgarar kan få utvida barnetrygd og småbarnstillegg.