Historisk arkiv

No brakar det laus på elgbørsen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Jakta på elgen har fått ein pangstart, no går tusenvis av jegerar ut på Statskog sine jaktmarker. Du kan følgje utviklinga på elgbørsen, der kan du sjå kor elgen har blitt skote.

Hjå Statskog sin elgbørs får du oversikt over elg som er skote i heile Noreg.
Hjå Statskog sin elgbørs får du oversikt over elg som er skote i heile Noreg. Foto: Steinar Johansen/Statskog.

På elgbørsen kan du sjå at allereie fleire elg over heile landet har blitt skote. Statskog sin elgjakt er open for alle. 5 000 jegerar rapporterer inn til Statskog om kva dei har skote, type dyr og slaktevekt. Statsskog er landets største tilbyder av elgjakt, kvota ligg på omkring 1 600 elg. Dette førar med seg at elgbørsen innehald mykje informasjon. Statskog si elgbørs blei lansert i 2016, og blei raskt populær. Openheita rundt elgjakta er bra for lokale forvaltningsdiskusjonar. Det er ei medverknad til å fjerne spekulasjonar, og morosamt å følgje med på.

Noreg har ein av verdas tettaste elgstamme. Den årlege jakta er med på å regulere stammen, som gjer at den held seg på eit berekraftig nivå. Gjennomsnittleg slaktevekt er 135 kilo, dette førar til at jegerane i Statskog kan ta ut over 200 tonn viltkjøtt i løpet av hausten.