Historisk arkiv

Nordmenn kan ikkje få nok av bringebær

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Nordmenn vil ha meir bringebær og i løpet av dei ti siste åra har norsk bringebærproduksjon auka frå 340 tonn til 1433 tonn i året. Etterspørselen på bringebær stig stadig. I følgje Opplysningskontoret for frukt og grønt auka bringebærsalet med 5,3 prosent frå 2014 til 2015.

– Utviklinga i norsk bringebærdyrking dei siste åra er ei samanhangande suksesshistorie, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

– Gjennom godt samarbeid er det skapt eit produkt forbrukarane etterspør og vil ha, seier Dale.

– Dette gir eit grunnlag for næringsverksemd og mange nye arbeidsplassar, seier Dale.

At nordmenn vil ha meir bringebær er eit resultat av fleire faktorar, men utvikling og bruk av nye sortar og ny dyrkingsteknikk med bruk av plasttunnelar har vore viktig. Det vart satt i gang fleire forskingsprosjekt og mange bønder gjekk frå industri- til konsumproduksjon.

Etterspørselen tok for fullt av etter bringebærsorten Glen Ample kom på det norske marknad i 2003. Etter meir enn femten års forsking kjem det snart ein ny bringebærsort på marknaden.

Ny bringebærsort

Graminor utviklar ein ny bringebærsort som har fått namnet Ninni. Ninni er ei søt sort med god smak og held seg lenge. Den nye sorten er godt tilpassa norsk klima. Å utvikle gode smakfulle bringebærsortar er eit langsiktig arbeid, som kan ta så mykje som femten år.

Graminor utviklar ein ny bringebærsort som har fått namnet Ninni. Ninni er ei søt sort med god smak og held seg lenge.
Graminor utviklar ein ny bringebærsort som har fått namnet Ninni. Ninni er ei søt sort med god smak og held seg lenge. Foto: Colourbox