Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ny fylkesmann i Rogaland

Lone Merethe Solheim er i statsråd i dag konstituert som fylkesmann i Rogaland.

– Med solid leiarerfaring frå fleire av embetet sine fagavdelingar, utpeikte Solheim seg som den beste kandidaten til å leie embetet dei neste åra, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Bent Høie blei i statsråd 26. oktober 2018 utnemnt til fylkesmann i Rogaland. Høie vil tiltre embetet etter at han går av som stortingsrepresentant hausten 2021. Lone Merethe Solheim er konstituert som fylkesmann fram til Høie tiltrer i sitt åremål.

Lone Merethe Solheim er 54 år og arbeidar som avdelingsdirektør i Samfunns-, beredskaps- og kommunalavdelinga hjå Fylkesmannen i Rogaland. Ho er utdanna cand. jur. frå Universitetet i Oslo. Solheim har arbeida hjå Fylkesmannen i Rogaland/ Helsetilsynet i Rogaland sidan 2002, dei siste 13 åra som leiar på ulike nivå i helse- og sosialavdelinga og samfunns-, beredskaps- og kommunalavdelinga.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

Til toppen