Ny kommunikasjonsjef

Martine Røiseland (41) er ny kommunikasjonssjef for fiskeriministeren.

Martine Røiseland
Martine Røiseland er ny kommunikasjonssjef for fiskeriministeren. Foto: Paul Paiewonsky

Røiseland er siviløkonom og har også utdanning innan mellom anna journalistikk og statsvitskap. Ho har jobba som kommunikasjonsrådgjevar i Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) i snart fem år. Før det var ho journalist i Finansavisen. Hausten 2016 vikarierte Røiseland som kommunikasjonssjef i Finansdepartementet.

Martine er kjend som ein gla'laks og underhaldar rett som det er KOM-kollegaene ved å spille dei merkelegaste instrumenta.

Røiseland startar i den nye jobben 6. november 2017.