Historisk arkiv

Ny kystdirektør

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Einar Vik Arset blei i statsråd i dag tilsett som ny direktør for Kystverket.

Einar Vik Arset har lang røynsle som toppleiar i offentleg sektor og god forståing av maritim sektor gjennom arbeidet sitt som rådmann i ein kommune som ligg midt i den maritime klynga på Nordvestlandet. Han har god forvaltningskompetanse og er vand med å jobbe med eit bredt spekter av oppgåver og med ulike aktørar. - Når vi no tilset Arset får vi ein dyktig leiar med gode føresetnader for å utvikle Kystverket vidare som transportetat med ansvar for sjøtransport og sjøsikkerheit, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Arset er 42 år gammel og kjem fra stillinga som rådmann i Ulstein kommune. Han er utdanna cand.merc. frå Norges Handelshøyskole med spesialisering i strategi, organisasjon og leiing.