Inviterer til opent innspelsmøte på Svalbard

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) ønsker innspel til ny Svalbard-strategi. Han inviterer derfor til eit opent møte i Longyearbyen tysdag 20. februar.

- Store Norske vil fortset å spele ei viktig rolle i Longyearbyen gjennom drifta i Gruve 7 og oppryddinga av Svea/Lunckefjell. Men Svalbard-samfunnet treng fleire bein å stå på for å halde ved lag både næringsaktivitet og busetting, seier Røe Isaksen.

Han inviterer derfor sentrale aktørar for å få innspel til den nye strategien for næring og innovasjon som nå skal utarbeidast for Svalbard. Møtet vil også vere opent for folk flest som ønsker å gje sine innspel. Mediene er også velkomen til å delta.

Strategien skal sjå på mogelegheitene og potensialet som finnast for næringsutvikling på Svalbard i eit langsiktig perspektiv, og skal leggast fram i 2018.  

Møtet blir heldt på Radisson Blu Polar Hotel i Longyearbyen, klokka 11.30-13.30 tysdag 20. februar.