Historisk arkiv

Presseinvitasjon: Røe Isaksen besøker industri på Sørlandet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen besøker tyrsdag 7. august industribedrifter i Kristiansand og Farsund. Pressa er velkommen til å delta på besøket.

Næringsministeren skal først besøke Elkem og det nye katapultsenteret Future Materials. Katapult er nye teknologisenter der gründere, store og små bedrifter kan teste ut ny teknologi og nye løysingar. Dermed kan også små aktørar få tilgang på kostbar og avansert teknologi.

- Næringslivet har vist stor interesse for ordninga, og det viser at det er eit behov for å teste ut ny teknologi i Noreg. Særleg små og mellomstore bedrifter har ikkje sjølv råd til å skaffe seg denne type utstyr og testlaboratorium. Nå er det viktig at bedriftene rundt om i landet tar disse sentera i bruk, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Elkem ønsker å vise frem korleis forskjellig typar industribedrifter nyttar seg av teknologien på det nye Future Materials-senteret. Vi får blant anna møte gründeren bak den litle bedrifta Norsk Hydrogen, og den store nabobedrifta Glencore Nikkelverk.

Besøket i Kristiansand og Farsund neste veke er ein av fleire besøk næringsministeren skal ha til norske industribedrifter over heile landet denne hausten. Røe Isaksen er særleg opptatt av industrien sin satsing på teknologi og digitalisering.

- Utviklinga av ny teknologi og auka digitalisering skjer i ein veldig rask fart. Ei utfordring for norske industribedrifter er å halde følge med dei nyaste teknologitrendane, slik at dei ikkje blir konkurrert ut og går ut på dato. Eg vil høyre om utfordringane til industrien, og korleis vi kan jobbe saman for å løyse dei. Dette er viktig for norske arbeidsplassar og for ein berekraftig velferdsstat, seier Røe Isaksen.

Han skal også besøke aluminiumsselskapet Alcoa og bildelprodusenten Chassix i Farsund same dag. I tillegg til teknologi og digitalisering blir internasjonal handel og importrestriksjonar tema i møtet med disse to bedriftene, som eksporterer aluminium og bildelar. Dette er begge marknader som blir påverka av dei auka tollsatsane frå amerikanske myndigheiter på stål og aluminium. 

- Eg ser med stor bekymring på utviklinga i verdshandelen i den seinare tida med auking av handelsrestriksjonar både frå USA og Kina. Vi arbeider for at industrien skal ha god tilgang til internasjonale marknader. Det vil vi også ormidle til Alcoa og Chassix, seier næringsministeren.

Program

  • Kl 10:30 – 12:00 Besøk hos Elkem og den nye katapulten Future Materials i Kristiansand. 
  • Kl 14:00 – 15:25 Besøk hos Alcoa og Chassix, og presentasjon av industriklynga på Lista.

Fakta om katapultsenter i Noreg

  • Katapult er nye teknologisenter der bedrifter kan teste ut ny teknologi og nye løysingar.
  • Nærings- og fiskeridepartementet gir pengar til ordninga, og det er dei underliggande organa til departementet (SIVA, Innovasjon Norge og Forskningsrådet) som har ansvaret for ordninga.
  • Totalt har regjeringa så langt satt av 175 millionar kroner til disse sentera.
  • Gjennom statsbudsjettet 2017 blei det satt av 50 millionar kroner til etablering av dei to fyrste katapultsentera i Noreg, som skulle ligge på Raufoss og i Kristiansand.
  • Sintef Raufoss Manufacturing fekk 24 millionar kroner til å etablere katapulten på Raufoss. 
  • Future Materials-katapulten i Kristiansand fekk 21,5 millionar kroner for å investere i utstyr. Kristiansand-katapulten skal tilby materialtekniske tenester og utvikle avanserte materialar og produkt. Senteret i Kristiansand er samansett av ein gruppe industrielle aktørar. Dei mest sentrale er Arendal Fossekompani, Elkem, ReSiTec, Castor Drilling og Eyde-klynga. Senteret baserer seg på eksisterande testanlegg hos ReCiTec, og Elkem, og med utstyr frå Tekna Systems Plasma, i tillegg til at man bruker det nyetablerte testsenteret hos MIL (Mechatronics Innovation Lab).
  • I 2018 ble det i statsbudsjettet satt av ytterlegare 125 millionar kroner til katapultordninga. Denne gongen var det tre prosjekt på Vestlandet som fekk pengestøtte. Alle tre skal ha fokus på havnæringane.