Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ny strategi for helsekompetanse

I dag lanserte helseminister Bent Høie ein ny strategi for helsekompetanse. Strategien handlar om korleis vi kan heve pasientane og brukarane sin helsekompetanse, men også korleis vi kan forbetre helsetenesta sin kommunikasjon med pasientar og brukarar.

Helsekompetanse er personar sin evne til å forstå, vurdere og bruke helseinformasjon for å kunne ta kunnskapsbaserte avgjerder relatert til eiga helse.

- Å heve helsekompetansen er ikkje berre viktig for å førebygge sjukdom, det er også viktig for å førebygge helseskilnader, seier helseminister Bent Høie. - Difor har vi bede Helsedirektoratet om å gjere ei stor kartlegging av korleis det står til med helsekompetansen i Norge.

Kartlegginga vil vise kor høg helsekompetansen er i befolkningen generelt, og kor høg den er i ulike grupper som eldre, unge og innbyggarar med minoritetsbakgrunn.

Regjeringa sitt mål er å skape pasienten si helseteneste. Det føreser at pasientar og brukarar har kunnskap og moglegheiter for å ivareta si helse på best mogleg måte. Helse- og omsorgstenestene må legge til rette for at pasientar og brukarar i større grad vert tekne med på avgjerder som omhandlar dei, gjennom blant annet å stille spørsmålet «kva er viktig for deg»? Tilstrekkeleg helsekompetanse er ein føresetnad for å realisere pasienten si helseteneste.

- Eg får sluttrapporten frå direktoratet i løpet av 2020. Den vil gje oss eit godt grunnlag i arbeidet med å heve helsekompetansen i Norge, seier Høie.

Les strategien her

Til toppen