Historisk arkiv

Ny strategi om posisjon, navigasjon og tid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Vi vil ruste Noreg mot nye truslar mot samfunnstryggleiken. Difor har vi nå lagt fram ein nasjonal strategi for å fastsetje posisjon, navigasjon og tid (PNT), sa samferdselsminister Jon Georg Dale hos Norsk Romsenter i dag.

PNT-systema fortel oss kor vi er og når vi er der, og dei fleste PNT-tenestene er basert på globale satellittsystem, til dømes det amerikanske GPS eller det europeiske Galileo. I dag brukar vi PNT-system og tenester på dei fleste samfunnsområde. I tillegg er ein rekkje samfunnskritiske funksjonar avhengig av PNT, som til dømes person- og godstransport, elektronisk kommunikasjon, kraftforsyning, finansielle tenester og krisehandtering.

- Når du tar ein telefon, høyrer på radio, finn vegen med GPS i bilen eller betaler med kort i butikken, bruker du PNT-tenester – truleg heilt utan å tenke over det. Faktisk er det slik at mykje ville ha stoppa opp dersom vi mista tilgangen til PNT-tenestene over tid, sa Dale. Utan PNT-systema ville ein ha problem med å komme seg på jobb, hente ungane i barnehagen, betale matvarar med kort i butikken og betale rekningar i nettbanken. Straumen og mobildekninga vil kunne forsvinne, og radio og TV vil miste signal.

- Regjeringa vil sikre at vi kan halde fram med å gjere oss nytte av PNT-systema, og å utnytte nye moglegheiter som systema gir, sa Dale. Det er eit stort potensial for å forbetre og effektivisere tenester gjennom bruk av ny, PNT-basert teknologi. Samtidig er det viktig å erkjenne at auka bruk, og det å vere avhengig av desse systema, kan gjere oss meir sårbare. Ein alvorleg svikt i PNT-systema vil forplante seg til andre delar av samfunnet, og kan gi problem med å oppretthalde tenester som befolkninga er avhengig av.

- Denne strategien skal styrkje samfunnstryggleiken gjennom å gjere oss medvitne om kor sårbare vi er for svikt i PNT-system, og hjelpe til med å gjere oss mindre sårbare gjennom førebyggjande tiltak og beredskap, sa Dale.

PNT-strategien omfattar dei fleste samfunnsområde som i dag brukar og er avhengige av PNT-system. Strategien bidreg til å sjå utfordringar og moglegheiter i samanheng på tvers av sektorer, og bidreg til ein koordinert og kostnadseffektiv styrking av samfunnstryggleiken. Sektoransvaret ligg hos dei respektive departement med etatar. Strategien vektlegg å styrkje risikoerkjenning og samhandling på tvers av myndigheitsområde. PNT-strategien vil i seg sjølv vere eit bidrag til å auke medvitet rundt avhengigheit og sårbarheit.

PNT-strategien finn du her.

Direktør Christian Hauglie-Hanssen og Norsk Romsenter var vertskap da samferdselsminister Jon Georg Dale presenterte PNT-strategien.