Historisk arkiv

Nye Brønnøysundregistera-lokale på anbod

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Det skal gjennomførast ein offentleg anbodskonkurranse så raskt som mogleg for å avgjere kven som skal setje opp det nye bygget.

- Eg er opptatt av at Brønnøysundregistera skal ha eit moderne bygg, som samstundes skal vere ei kostnadseffektiv løysing. Ein anbodskonkurranse kjem både staten og næringslivet til gode. Vi vil få lågast moglege gebyr, og vi vil få eit bygg med dei kvalitetane som er viktige for både etaten og lokalsamfunnet, seier næringsminister Monica Mæland.

-  Eg har tru på at fleire private utbyggjarar vil gje tilbod, legg ho til.

Dei tilsette ved Brønnøysundregistera har hatt krevjande arbeidstilhøve i mange år. Noverande lokale dekker ikkje etaten sitt behov. Etter at Statsbygg leverte eit forprosjekt til Nærings- og fiskeridepartementet, har departementet sett nærare på korleis etatens behov best kan dekkast.

Konklusjonen er at offentleg anbod, for oppføring sentralt i Brønnøysund, er den beste løysinga for eit  bygg som skal huse registera i mange år framover.