Historisk arkiv

Nynorskpris til NRKs Eivind Molde

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Utanriksreporter Eivind Molde i NRK er årets vinnar av Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar for 2020. Det var ein svært overraska prisvinnar som fredag fekk prisen tildelt på NRK Marienlyst i Oslo.

Eivind Molde og Solveig Barstad på prisutdeling.
Eivind Molde og Solveig Barstad på prisutdeling. Foto: Karoline Riise Kristiansen, NRK

I 2019 innfridde NRK, for fyrste gong, stortingsvedtaket frå 1970 om minst 25 prosent nynorsk i NRK. For å nå det målet har NRK drege vekslar på eit solid grunnfjell av nynorskbrukande journalistar i NRK, og Eivind Molde er i høgste grad ein del av det grunnfjellet, heiter det i fråsegna frå juryen.

Prisvinnaren er ikkje av dei som stikk seg fram i utrengsmål. I over 30 år har denne smålåtne sogningen likevel gjort ein uvurderleg innsats for god journalistikk på nynorsk og godt språk generelt i NRK. Eivind Molde brukar eit klart og tydeleg språk og set nynorsk normaltalemål i høgsetet. Han lagar stoff til alle plattformer og har ei særleg evne til å framstille vanskelege forhold på ein enkel og forståeleg måte for den jamne lyttar, sjåar og lesar, skriv juryen.

Tidlegare har prisen vore utdelt under Dei Nynorske festspela i Aasentunet i Ørsta. Grunna koronapandemien vart prisen i år delt ut under eit lukka arrangement hjå NRK på Marienlyst i Oslo der også Eivind Molde har arbeidsstad.

Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar er på 75.000 kroner og eit kunstverk. Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som brukar ein levande og god nynorsk, og som er eit føredøme for andre.

Prisen har vore delt ut sidan 2006, då Linda Eide, NRK, var den fyrste vinnaren. I fjor var det Kjersti Mjør i Bergens Tidende som fekk prisen.

I juryen for nynorskprisen for journalistar er Solveig Barstad leiar, ho er programleiar i TV2. Elles sit Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret, og Øystein A. Vangsnes, professor ved Universitetet i Tromsø, i juryen.

Les meir om prisen og grunnjevinga frå juryen på nettsida til Nynorsk mediesenter