Nysaldering av 2020-budsjettet: Auka tilskot og tilpassa støtteordningar på kulturfeltet

Etter at det i november blei innført strengare smitteverntiltak i Noreg på grunn av forverringar i smittesituasjonen, vil regjeringa tilpasse støtteordningane på kulturfeltet samt styrke tilskota til enkelte museum og institusjonar på musikk- og scenekunstfeltet.

– Eg og regjeringa har heile tida vore tydelege på at vi er innstilte på å justere, forlenge og auke ordningane til kultur, frivilligheit og idrett ved behov. I nysalderinga av årets kulturbudsjett tek vi fleire grep for å gjere framtida meir føreseieleg for kultursektoren, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

Støtteordningane blir utvida

For perioden 1. september til 31. desember har det tidlegare vore ei ramme på 900 millionar kroner til støtteordningane på kulturområdet. Regjeringa foreslår no å auke denne ramma for å sikre utbetalingar til arrangement som blir gjennomførte i siste del av 2020. Ramma blir auka ved å leggje til ubrukte middel frå tidlegare periodar frå begge kulturordningane og frå ordninga for frivilligheit og idrett.

I tillegg har regjeringa no endra fristen i kompensasjonsordninga for å inkludere fleire. Arrangement som søker støtte kan no vere planlagde før 5. november i staden for 1. august.

– Det gjer situasjonen meir føreseieleg for dei som har blitt nøydde til å avlyse på grunn av nye innstrammingar, til dømes i Oslo. Eg er glad for at vi kan ta vare på  dei som lytta til oppfordringa om aktivitet og planla nye arrangement, seier kultur- og likestillingsministeren.

Regjeringa utvidar samtidig kompensasjonsordninga til å gjelde arrangement som avlysast som følgje av alle offentlege restriksjonar, ikkje berre statlege.

Ramma vil truleg auke frå 900 millionar til 1,1 milliardar. Talet blir ikkje endeleg klart før saksbehandlinga i alle dei tidlegare ordningane er over. 

Ny klagenemnd

Kulturdepartementet har oppretta ei uavhengig klagenemnd som skal behandle eventuelle klager knytt til søknadsbehandlinga til støtteordningane. Nemnda skal vere knytt til Klagenemndssekretariatet i Bergen, og behandle klagar til ordningane som forvaltast av Kulturrådet.

Auka driftstilskot til enkelte museum og institusjonar for musikk og scenekunst

Regjeringa forslår å auke driftstilskota til enkelte museum og til musikk- og scenekunstinstitusjonar, som er ramma av strengare lokale smitteverntiltak, med til saman 60 millionar kroner.

– Dette er pengar som vi håpar vil kome godt med. Auken går til institusjonar med over 60 prosent offentleg finansiering, og som heilt eller delvis måtte stenge ned publikumsretta verksemd etter at lokale styresmakter skjerpa smitteverntiltaka i november og desember, seier Raja.

Auken skal dekkje opp for inntektstap,  meirutgifter knytt til omlegging av drift og aktivitet for å oppretthalde alternativ publikumsretta aktivitet, som til dømes digital formidling.

Midla blir fordelte etter innrapporterte opplysningar frå institusjonane. Dette vil gjelde til dømes institusjonar i Bergen og i Oslo, som Den Nationale Scene og Nationaltheatret, som begge har stengt heilt ned som følgje av skjerpa smitteverntiltak.

I tillegg foreslår regjeringa å løyve ytterlegare 7 millionar kroner i inneverande år til Bymuseet i Bergen som oppgraderer Bryggens Museum. Tilskotet skal tryggje likviditeten i oppgraderingsprosjektet.

Gåveforsterkingsordninga

Som varsla i framlegget til statsbudsjett vil gåveforsterkingsordninga frå 2021 bli ei rammestyrt ordning som finansierast av spelemiddel. For å dekke søknader som blei fremma i 2020, foreslår regjeringa ein særskilt bevilling på 160 millionar kroner.

– Eg er glad for at vi har funne rom for dette, som i realiteten betyr friske middel til gåvemottakarane. Dette viser kor viktig det er at private givarar i Norge bidreg til våre kunst- og kulturinstitusjonar, seier Raja.

Endringar som kjem godt med

– Samla sett vil desse endringane som blir gjort i samband med nysalderinga av 2020-budsjettet, kome godt med i kultursektoren. Vi står enno i ei krevjande tid, og vi vet ikkje når eller om verda kjem tilbake til normalen, men regjeringa er tydeleg på at vi ønskjer å ha eit kulturliv i verdsklasse både under og etter pandemien, avsluttar Raja.