Nytt utval skal sjå på korleis arbeidsinnvandrarar kan bli betre integrert

Eit utval skal sjå på korleis arbeidsinnvandrarar og deira familiemedlem kan bli betre integrert i norsk arbeids- og samfunnsliv. Utvalet skal gå gjennom situasjonen til denne gruppa, og føreslå tiltak og endringar som eit ledd i vidareutviklinga av integreringspolitikken.

– No har vi hatt over eitt år med krise på grunn av pandemien, og vi ser at arbeidsinnvandrarar generelt blir hardare ramma enn norske arbeidstakarar når det oppstår kriser i arbeidsmarknaden. Utvalet skal mellom anna analysere korleis store endringar i etterspørsel etter arbeidskraft, påverkar arbeidsinnvandrarane. Dei skal også sjå på moglegheitene og tilknytinga til arbeidslivet for dei som allereie bur i Noreg, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

Det offentlege utvalet blei oppnemnt i statsråd 13. august og skal summere opp eksisterande kunnskap om kven og kor mange som kjem til Noreg for å arbeide. Nokre av det dei skal sjå på er:

  • Kva utdanning, erfaring og kompetanse arbeidsinnvandrarar har, og kva dei får av dette i Noreg.
  • Sysselsetting, inntekt og arbeidsforhold over tid.
  • Grad av deltaking i sivilsamfunn, deltaking i frivillige organisasjonar og oppleving av diskriminering.

Språkopplæring viktig for integreringa

Ei utfordring under pandemien har også vore å nå ut med informasjon til alle grupper i befolkninga. Ei kartlegging frå Rambøll, publisert i mars 2021, viser at Noreg skil seg frå dei andre nordiske landa ved ikkje å tilby gratis språkopplæring til arbeidsinnvandrarar.  

 

– Språktilbodet til arbeidsinnvandrarar må vi gjere noko med. Difor har denne regjeringa blant anna gitt pengar til ein eigen norskinnsats. Dersom ei ny krise skal ramme Noreg så må vi vere betre førebudd. Her er også språkopplæring viktig, slik at vi kan nå ut med informasjon til alle, seier  Melby.

Fleire må jobbe meir saman

Utgangspunktet for integreringsarbeid er forskjellig i kommunar og arbeidsmarknader av ulik størrelse, og i ulike delar av landet. Utvalet skal analysere og gjere ei vurdering av desse skilnadene.

–  Med ny lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid har vi fått ei god innretning for nykomne flyktningar og deira familiemedlem. Lova tar formell utdanning og kvalifisering på alvor, og set tydelegare krav til norskkunnskap. No er det på tide at vi også løftar situasjonen til arbeidsinnvandrarane i Noreg, og ser på korleis kommunar, arbeidsliv og sivilsamfunn kan  jobbe saman og ta eitt felles ansvar for integreringsarbeidet, seier Melby.

Utvalet består av 12 personar frå heile landet med ulik bakgrunn, erfaring og kompetanse. Det skal bli leia av sosiolog Arnfinn Midtbøen frå Universitet i Oslo. Utvalet skal levere si utgreiing innan utløpet av 2022.

Fakta:

Medlem:

  1. Arnfinn Midtbøen (leder) (Oslo), førsteamanuensis
  2. Johan Fredrik Rye (Trondheim), professor
  3. Anne Mette Ødegaard (Oslo), seniorforsker
  4. Knut Røed (Viken), seniorforsker
  5. Eugene Guribye (Bergen), forsker 1
  6. Janis Umblijs (Oslo), forsker II
  7. Gunvor Ulstein (Ulsteinvik), styreleder
  8. Marie Florence Moufack (Trondheim), styreleder
  9. Leïla Rezzouk (Bergen), daglig leder
  10. Børre Krudtå (Tromsø), divisjonsdirektør
  11. Cathrine Stavnes (Bodø), direktør
  12. Anne-Marit Presterud (Bergen), etatsdirektør