Presseinvitasjon:

Ber om innspel til stortingsmelding om helsenæringa

Helse- og omsorgsminister Bent Høie og næringsminister Monica Mæland inviterer til møte om den nye stortingsmeldinga om helsenæringa, fredag 11. august.

Næringsminister Monica Mæland og helse- og omsorgsminister Bent Høie.
Næringsminister Monica Mæland og helse- og omsorgsminister Bent Høie. Foto: NFD/Håkon Jacobsen

Regjeringa arbeidar med ei ny stortingsmelding om helsenæringa. Mæland og Høie ønsker å høyre kva aktørane i helsesektoren og næringslivet sjølv meiner regjeringa bør legge vekt på i meldinga. 

 – Helsenæringa gir dobbel gevinst. Næringa bidrar til velferd og helse, og skaper verdiar og arbeidsplasser. Vi er heilt avhengige av at kommunar og sjukehus jobbar saman med næringslivet for å fornye eldreomsorgen og skape framtidas helse- og omsorgstenester. Næringslivet er ein del av løysinga, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Ei sentral føring for meldinga vil være at gode helsetenester og velferd, og næringsutvikling og verdiskaping, heng saman.

 – Framtidas helse- og omsorgstenester vil gi store mogelegheiter for næringslivet. Vi har kompetansemiljø i verdsklasse og det investerast store summar i forsking innan helse og omsorg. Det er viktig at dette også fører til kommersialisering og verdiskaping, seier næringsminister Monica Mæland.

Aktørar frå næringsliv, verkemiddelapparatet, helsetenesten og offentlege styresmakter deltek på møtet, mellom andre Katrine Myhre i Norway Health Tech, Ketil Widerberg i Oslo Cancer Cluster, Karita Bekkemellem i Legemiddelindustriforeningen og Håkon Haugli i Abelia.

Møtet vil bli strøyma direkte på verdsveven her.

Når: Fredag 11. august, klokka 09:00-10:30.

Kor: Medical Growth House, Oslo Medtech, Forskningsparken, Gaustadalleen 21, Oslo. 

Påmelding (kun for presse): media@nfd.dep.no

Pressekontakt for Høie: Kommunikasjonsrådgjevar Cathrine Slaaen, cathrine.slaaen@hod.dep.no, 97677247.

Pressekontakt for Mæland: Kommunikasjonsrådgjevar Martine Røiseland, mrd@nfd.dep.no, 97055024.