Presseinvitasjon

Mæland opnar NM i Oselvar

Næringsminister Monica Mæland opnar NM i Oselvar i Austevoll i Hordaland laurdag 12. august.

Oselvaren er kåra til Noregs nasjonalbåt, og er ein klinkbygd båttype. Oselvarverkstaden på Os i Hordaland er satt på Unesco si verdsarvliste for immateriell kulturarv. Båten har sitt opphav meir enn 1000 år tilbake, og har vore bruksbåt, kyrkjebåt og kappseilingsbåt i regionen i alle tider.

Det har vore arrangert noregsmeisterskap sidan 1978.

Kva: Næringsminister Monica Mæland opnar NM i Oselvar.
Kor: Hamna, Austevoll i Hordaland
Når: Laurdag 12. august klokka 10.30

Pressekontaktar:
For Austevoll seilforeining, leiar Andreas Iversen, mobil 900 40 157.
For næringsministeren: Kommunikasjonssjef Trond Viken, tvi@nfd.dep.no, mobil 992 18 303