Historisk arkiv

Presseinvitasjon: Næringsministeren til Sandnes og Stavanger 7. september

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen besøker fredag 7. september industri i Sandnes og Stavanger. Pressa er velkomne til å delta under besøka.

Næringsministeren skal besøke Canrig Robotic Technologies i Sandnes og den store teknologibedriften Rosenberg WorleyParsons i Stavanger.

Canrig Robotic Technologies, som tidlegare het  RDS, er eit spanande teknologiselskap med nokon av dei mest avanserte løysingane i verda for moderne boresystemer. Dei har mellom anna utvikla robotiserte boredekksløysingar som fremmer effektivisering av både land- og offshorebasert boring. Næringsministeren vil bli nærmare orientert om denne smarte industriverksemda og få demonstrert robotar i deira verkstad.

Teknologibedriften Rosenberg WorleyParsons i Stavanger er ei stor og tradisjonsrik industriverksemd. Dei er teknologisk avansert og har store leveransar, ikkje minst til petroleumsverksemda på norsk sokkel. Næringsministeren vil bli nærmare orientert om verksemda til bedriften, særskilt den tunge kompetansen dei har og utviklar i føretaket.

- Norsk offshoreretta leverandørindustri har eit mangfald av spanande og avanserte verksemder. Dei har utvikla teknologi og kompetanse i verdsklasse. Eg ser fram til å vitje ei mindre og ei større verksemd i denne viktige næringa, seier næringsministeren.

Besøka i Sandnes og Stavanger på fredag er eit av fleire besøk næringsministeren har til norske industribedrifter over heile landet denne hausten. Røe Isaksen er ikkje minst opptatt av industrien si satsing på teknologi, kompetanse og digitalisering.

Program:

Kl. 09:15 – 10:15                   Besøk hos Canrig Robotic Technologies i Sandnes

Kl. 10:45 – 11:45                   Besøk hos Rosenberg WorleyParsons i Stavanger

Næringsministeren på industribesøk på Odda
Næringsministeren på Boliden i Odda Foto: NFD